Beinn Chùirn er eit fjell i Skottland om lag 5 km vest-sørvest for Tyndrum. Det ligg på grensa mellom Stirlingshire og Perthshire heilt nord i Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark.
Beinn Chùirn har ei høgd på 880 meter over havet og har status som corbett og marilyn. Det ligg i Cononish valley i lag med tre andre fjell (Ben Lui, Ben Oss og Beinn Dubhchraig som alle er Munroer og derfor overskuggar denne mindre åsen.
I 1984 vart det oppdaga ei gullåre i fjellet av det irske selskapet Ennex International. Selskapet gjorde prøveboringar i håp om at gullgruva kunne vere lønsam. Det vart bygd ein tunnel som var om lag 1280 meter lang i 1990-åra, men etter kvart som prisen på gull fall, vart det uøkonomisk å drive gruveverksemda. Dei nyare åra har gullprisen stige igjen, og eit australsk firma har planar om å halde fram gruvedrifta."Geology and Landscapes of Skottland" Page 85 Gives details of Gold mine geology.Scotsman article 9/6/07. Gives details of gold mine.Scotsman article 30/5/07. Gives details of gold mine.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beinn Chùirn» frå , den 1. april 2011. oppgav desse kjeldene: Geology and Landscapes of Scotland, Con Gillen, Terra Publishing, ISBN 1-903544-09-2 The Corbetts and other Scottish Hills, Scott Johnstone et al., SMC Publishing, ISBN 0-907521-29-0
Kategori:Fjell og åsar i Highland Kategori:Fjell og åsar i Stirling Kategori:Gullgruver i Skottland