Jonathan Swift () var ein engelsk-irsk forfattar, kjend for verk som Gullivers reiser (Gulliver’s travels), A Modest Proposal og A Tale of a Tub. Swift er ein av dei fremste satiriske prosaistane i det engelske språket, sjølv om han også er kjend for å skriva poesi og essay. Han frykta represaliar for skriftene sine, og publiserte dei enten under pseudonym eller anonymt.

Tidleg liv Jonathan Swift vart fødd i Dublin som andre barn og einaste sonen til Jonathan Swift og kona hans Abigail Erick. Han vart fødd sju månader etter at faren døydde. Det er få sikre opplysningar om Swifts tidlege liv, men det er allment anteke at mor hans reiste tilbake til England då han var svært ung og lét Swift vere igjen hos familien på farssida. Det var onkelen Godwin som betala utdanninga hans, og han gjekk på Kilkenny College. Han gjekk på Trinity College i Dublin frå 1682 til 1689, då eit irsk opprør dreiv han tilbake til England. Han blei tilsett som sekretær for diplomaten William Temple i Surrey.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Jonathan Swift i Store norske leksikon

Kategori:Irske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Folk frå Dublin