«Celebration Day» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin III frå 1970.

Songen kom nesten ikkje med på albumet, sidan lydteknikaren gjorde ein tabbe og sletta dei første taktane av trommesporet til John Bonham. For å skjule dette vart ein Moog synthesizer frå slutten av den førre songen på albumet, «Friends», nytta for å dekkje over redigeringa. Dette redda songen og han kom med på albumet.Intervju med Jimmy Page , Guitar World 1993

«Celebration Day» består av eit skranglete gitarriff av Jimmy Page og ei hypnotisk, transeliknande stemning. I eit intervju med Guitar World i 1993, forklarer Page oppbygginga av songen:

Teksten til Robert Plant omhandlar inntrykka hans av New York. På turneen deira i USA i 1971 introduserte Robert Plant stundom songen som «The New York Song». «Celebration Day» vart ofte spela på konsertane deira frå 1971 og ut 1973, og igjen i 1979.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Eit konsertopptak frå 1973 finst på The Song Remains the Same. Songen vart ikkje med i den originale filmversjonen, men DVD-utgåva inneheld songen som ekstrspor.

Jimmy Page spela «Celebration Day» på turne med The Black Crowes i 1999, og ein versjon med dei finst på albumet Live at the Greek. Plateprodusent Rick Rubin sa om songen «Han kjennest som eit godstog, sjølv om han ikkje er av dei tyngre songane deira. Det er eit veldig moment i måten dei spelar han på. Basslinja er forbi utruleg og samspelet mellom gitarane er verkeleg bra, det er tunge gitarriff mot funky gitarar».The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 24. mars 2011.

Songen vart gjeven ut som singel i Polen med «Paranoid» av Black Sabbath som B-side, og i Sør-Afrika med «Immigrant Song» som B-side.

Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer

Andre versjonar 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek) 2000: Mob Rules (Temple of to Suns) 2001: TKO (In Your Face [bonus]) 2007: Dread Zeppelin (Bar Coda) 2007: Spearfish (Back for the Future)

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Celebration Day» frå , den 24. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Jimmy Page-songar Kategori:Robert Plant-songar Kategori:John Paul Jones-songar