«Roadhouse Blues» er ein bluesrocksong skriven og innspelt av det amerikanske rockebandet The Doors. Songen vart gjeven ut som B-side til «You Make Me Real»",The Doors Discography . 60s Web Radio., den første singelen frå albumet Morrison Hotel i mars 1970 og nådde 50. plass på Billboard Hot 100 i USA. Songen vart raskt ein populær song på konsertane deira og ein konsertversjon finst på albumet An American Prayer. Same versjonen, som har vorte kalla «truleg ein av dei beste konsertopptaka av nokon song»,The Doors. Jack Feeny Reviews. vart igjen gjeven utpå In Concert og Greatest Hits. I denne versjonen snakkar Jim Morrison ei kort stund til eit kvinneleg medlem av publikum om stjerneteiknet sitt, før han brått og ironisk får publikum til å le då han seier at syns stjerneteikn berre er tull. Songen vart synt to gonger i filmen The Doors. Linja «Woke up this morning and I got myself a beer» var inspirert av Alice Cooper som han seier i morgonshowet Planet Rock.

Innspelingar Det tok to dagar å spele inn songen, 4. og 5. november 1969, der produsent Paul A. Rothchild strevde for å få det perfekt. Fleire opptak frå desse innspelingane finst som bonusspor på 2006-utgåva av albumet. Ein kan høyre Rothchild instruere bandet, mellom anna når han seier til Robbie Krieger om gitarriffet hans i starten, «we're going to the roadhouse, Robbie, not the bathroom!» («me skal til the roadhouse, Robbie, ikkje badet!»). Overraskande nok kommenterer han ikkje Morrison, som tilsynelatande er full.The Doors, Morrison Hotel Remastered Liner Notes, Page 1, Bruce Botnick, 2006

Innspelinga tok først av den andre dagen, då Elektra-gitarist Lonnie Mack vart med på bass og munnspelar John Sebastian (som spelte med psevdonymet G. Puglese på grunn av platekontrakten sinThe Doors, Morrison Hotel Remastered Liner Notes, s. 7, David Frickle, 2006 eller for å unngå og verte knytt til The Doors etter hendinga i Miami) vart med på innspelinga og Manzarek byta frå Wurlitzer elektrisk piano til eit spikerpiano (same som The Beach Boys nytta på «Good Vibrations»).The Doors, Morrison Hotel Remastered Liner Notes, s. 3, Bruce Botnick, 2006 Eit av dei klassiske augneblikka er då Morrison roper «Do it, Lonnie! Do it!» då Mack spelar soloen (ofte mistolka som «Do it, Robby! Do it!», som om Morrison snakka til Robby Krieger).

Lonnie Mack spelte bass på songen og måtte låne gitaren til Krieger for å utvikle nokre bleusgitarlinjer. Mack spelte òg sologitar på songen, men vart berre tilskriven for bass for å ikkje gjere Krieger brydd. Krieger kopierte somme av linjene til Mack i seinare opptak. Ingen veit kven som verkeleg spelar på den endelege utgåva.http://www.answers.com/topic/lonnie-mackFresh Air from WHYY, 31. juli 2008 http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=93120157

Andre versjonar Status Quo spelte The Doors-songen då dei turnerte i Tyskland i 1970, og vart raskt ein fast del av konsertane til bandet, som dei tilpassa den musikalske retninga si. Studioversjonen deira finst på Piledriver, medan eit konsertopptak finst på Live!. Bandet spelar framleis songen i dag.

Blue Öyster Cult spelte songen på deira Extraterrestrial Live i lag med Robbie Krieger. Creed spelte songen på Woodstock '99 og fekk med seg gitarist Robbie Krieger på scenen. Denne versjonen finst som bonusspor på Creed-albumet Human Clay. Songen vart òg spela av Mahogany Rush på What's Next. Ministry spelte songen på det siste albumet sitt, The Last Sucker. Jeff Healey Band spelar songen i filmen Road House. Frankie Goes To Hollywood spela songen på B-sida til singelen «Rage Hard» frå 1986. Elkie Brooks spela songen på albumet hennar Electric Lady frå 2005. Robby Krieger vart med Stone Temple Pilots på House of Blues i 2000 på denne songen. Han vart igjen med bandet på scenen den 18. mars 2010 på SXSW-festivalen. STP-frontmann Scott Weiland har òg spela songen med Velvet Revolver.

Songen vart framført av Eric Burdon på konsertar frå 1989 til 1998. Han spelta han òg med Robby Krieger i 1990 og 1991. Bon Jovi spela songen i ein medley med «Bad Medicine», mellom anna på 2010-turneen deira.

The Crystal Method gjorde ein remiks av «Roadhouse Blues» som finst på albuma Community Service II og Drive: Nike + Original Run.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roadhouse Blues» frå , den 20. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Doors-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar skrivne av John Densmore Kategori:Songar skrivne av Robby Krieger Kategori:Songar skrivne av Ray Manzarek Kategori:Songar skrivne av Jim Morrison Kategori:Songar produserte av Paul Rothchild Kategori:Songar om alkohol Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Eric Burdon-songar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Deep Purple-songar