Christian Kalvenes () er ein tidlegare norsk fotballspelar som spela venstreback for Sportsklubben Brann ut 2012-sesongen.

Klubbfotball Tidleg karriere Kalvenes spelte den første eliteseriekampen sin for Brann mot Ham-Kam 28. mai 1995. 10 år og éin dag etter spelte han den andre eliteseriekampen sin for klubben, mot Lyn 29. mai 2005.

I mellomtida spelte han for Åsane og Sogndal. Trass i at han var eit av Brann sine store talent på 1990-talet, klarte han aldri å etablere seg i A-lagstroppen. Etter fleire gode sesongar som midtstoppar i Åsane blei han henta til eit Sogndal-lag som kjempa om opprykk til Tippeligaen sommaren 2000. Der spelte han i hovudsak venstreback, og bidrog til at klubben vann kvalifiseringa mot Vålerenga same år på fleire skåra bortemål.

I dei neste sesongane var han eit sikkert val på Sogndal sin venstreback i tillegg til å skåre fleire mål på frispark. Han var også visekaptein i klubben den siste tida han var der. Før 2004-sesongen blei han henta tilbake til Brann, men der gjekk han stort sett skadd fram til debuten i 2005. Han var tilbake frå skade omtrent samtidig som konkurrenten hans om venstrebackplassen, Erlend Hanstveit. Etter at Hanstveit blei skadefri, vart Kalvenes andreval i Brann-forsvaret.

Dundee United 2. august 2006 gjekk Kalvenes til Dundee United for ein overgangssum på omtrent £50 000. Kalvenes fekk debuten sin for Dundee United i bortekampen mot Rangers 5. august 2006. Kampen enda uavgjort, og Kalvenes skåra eitt av måla for Dundee United. Kalvenes skåra mot Rangers også i den siste kampen sin for Dundee United.

I 2007/2008-sesongen blei Kalvenes stemt fram som den beste venstrebacken i Scottish Premier League etter ein imponerande sesong.

Burnley I juli 2008 fekk han ein 2-årskontrakt med Championship-klubben Burnley BBC News: Burnley sign Norwegian Kalvenes. Med det valde han bort ein planlagd retur til heimlandet Kalvenes calls time at Tannadice. Kalvenes debuterte i ein ligacup-kamp som Burnley vann 12. august 2008, og fekk med seg 83 minutt av kampen før han blei bytt ut.

25. mai 2009 spelte han heile kampen då Burnley slo Sheffield United 1-0 i Playoff-finalen på Wembley, noko som førte til opprykk til Premier League.

I overgangsvindauget i januar 2010 blei Christian Kalvenes samd med Burnley om å avslutte kontrakten på grunn av lite speletid. Kalvenes sitt mål var å spele for Brann, men Brann greidde ikkje å skaffe midlane som trongst, og han var derfor klubblaus i ein liten periode.bt.no Styret stoppet Kalvenes-retur til Brann Kalvenes sa i media at han håpa å finne seg ein klubb i neste overgangsvindauge.

Brann 14. juni 2010 skreiv han under for Brann for tredje gong i karrieren. Kontrakten gjekk ut sesongen med opsjon på eitt år til. Han var meint som erstatning for Olafur Örn Bjarnason, som reiser heim til Island. Roald Bruun-Hanssen sa om signeringa: «Vi er veldig godt nøgd med å få denne avtalen på plass. Christian er ein lokal gut, som har bidrege positivt i klubben to gonger tidlegare. Han har gode personlege eigenskapar, og er ein nyttig spelar.»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Christian Kalvenes» frå , den 19. mars 2011.

Kategori:Burnley-spelarar Kategori:Dundee United-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Sogndal-spelarar Kategori:Folk frå Bergen