«Back Door Man» er ein bluessong skriven av Willie Dixon for Howlin' Wolf, gjeven ut av Chess Records som B-side til Wolf sin «Wang Dang Doodle» i 1961. Songen vert rekna som ein klassikar innan Chicagoblues.

Teksten I Sørstatane er ein «back-door man» ein som har eit sidesprang med ei gift kvinne, og nyttar bakdøra til å forlate huset før mannen kjem heim.Segrest, James; & Hoffman, Mark (2005). Moanin' at Midnight: The Life and Times of Howlin' Wolf. Thunder's Mouth Press. s. 174. ISBN 1-56025-683-4 «When everybody trying to sleep, I'm somewhere making my midnight creep. / Every morning the rooster crow, something tell me I got to go / I am a back door man», syng Wolf. Dette er eit tema som går igjen i mange bluessongar. Robert Plant referer til Dixon-songen i Led Zeppelin sin «Whole Lotta Love» (1969): «Shake for me girl, I want to be your back-door man.»"Whole Lotta Love ". Rolling Stone. December 9, 2004. Henta 17. mars 2011.

Musikk Singelen vart spelt inn i Chicago i 1960 av Howlin' Wolf (vokal), Otis Spann (piano), Hubert Sumlin og ein anonym mann (gitar), Willie Dixon (bass) og Fred Below (trommer). Akkordprogressjonen i refrenget på songen liknar det ein finn på Bo Diddley sin «I'm A Man» (1955), John Lee Hooker sin «I'm Mad (Again)» (1957) og Dixon sin eigen «Hoochie Coochie Man» (1954). Dei daterer alle til arbeidssongar sungen under bygginga av jernbanespor.Scott, Richard J. (2003).Chord Progressions for Songwriters. iUniverse. s. 110. ISBN 0-595-26384-4

Andre versjonar Songen vart mellom anna spelt av The Doors, som spelte han inn for debutalbumet i 1967. Andre som har spelt songen er Chicken Shack, Blues Project, Shadows of Knight, Bob Weir, Harp Slim & Hosea Leavy, Sam Gopal, T-Model Ford, Quicksilver Messenger Service og Soul Asylum med Iggy Pop under opninga av Rock and Roll Hall of Fame.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Back Door Man» frå , den 17. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bluessongar Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Willie Dixon-songar Kategori:Howlin' Wolf-songar Kategori:The Doors-songar Kategori:Songar skrivne av Willie Dixon Kategori:Songar om utruskap Kategori:The Blues Project-songar Kategori:Iggy Pop-songar Kategori:Soul Asylum-songar Kategori:Buddy Guy-songar Kategori:Quicksilver Messenger Service-songar