«Foxy Lady» (eller stundom «Foxey Lady») er ein song av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Are you Experienced i 1967. Songen finst òg på mange av samlealbuma til Jimi Hendrix. Rolling Stone kåra songen til den 152. beste på lista si over dei 500 beste rockesongane gjennom tidene.

Songen er kjend for gitarriffet, der Hendrix skiftar mellom to oktaver. Det er ein av dei første songane der Hendrix nyttar feedback på ei studioinnspeling. Songen nyttar den såkalla Hendrix-akkorden, den dominante 7#9.

Den amerikanske versjonen av Are You Experienced har ført opp songen på plateomslaget som «Foxey Lady», som var ein trykkfeil,http://perso.wanadoo.fr/hendrix.guide/lifetime.htm og mange skriv derfor namnet slik i dag.

Gruppa hadde vanskar med å avgjere korleis dei skulle avslutte songen. Bassisten Noel Redding hevdar den siste akkorden var forslaget hans.Liner notes of Are You Experienced album, 1992 CD issue

Hendrix kommenterte teksten sin og sa at han ikkje pleide å snakke til damer på ein så direkte måte som teksten indikerer.

Andre utgåver Studioopptak 1968 • The Human Beinz • Nobody But Me 1968 • Booker T. and the M.G.'s • Soul Limbo 1979 • The Cure • Three Imaginary Boys 1989 • Roger Taylor's The Cross • Mad, Bad and Dangerous to Know 1991 • Blue Cheer • Dining With the Sharks 1999 • ESP • Lost and Spaced 2002 • Harry Manx • Wise and Otherwise 2007 • ZZ Top • Live From Texas Konsertopptak 1993 • Paul Rodgers • The Hendrix Set 1998 • Popa Chubby • The Jimi Hendrix Music Festival Red Hot Chili Peppers og ZZ Top, stundom spelt på konsertar Paul McCartney spelar stundom denne songen etter «Let Me Roll It» Gitarist Roy Buchanan spelar stundom songen etter «Hey Joe» Gitarist Buckethead Songen er spelt av Mick Jagger med Jeff Beck på konsertar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Foxy Lady» frå , den 15. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Jimi Hendrix-songar Kategori:Booker T. & the M.G.'s-songar Kategori:The Cure-songar Kategori:ZZ Top-songar 153 Kategori:Blue Cheer-songar