Eric Clapton er debutalbumet til den britiske rockemusikaren Eric Clapton som soloartist. Det kom ut i august 1970 på Atco og Polydor Records.

Bakgrunn Etter å ha spelt i suksessrike band som The Yardbirds, John Mayall & the Bluesbreakers, Cream og Blind Faith, spelte Clapton inn eit album under sitt eige namn seint i 1969 og tidleg i 1970.

Innspeling Clapton spelte inn somme spor i november 1969 i Olympic Studios i London og spelte inn fleire songar i 1970, som vart delt inn i to innspelingsbolkar: ein i januar 1970 i Village Recorders Studio i Los Angeles og ei anna i mars same året i Island Studios i London. Mange av musikarane som spelte med Clapton på albumet hadde arbeidd med bandet Delaney & Bonnie, som tidlegare hadde vore oppvarming på Blind Faith-konsertar. Musikarane var kjernen i Derek & the Dominoes, mellom andre Bobby Whitlock. Ein kan høyre Whitlock på «Let it Rain».

Songen «Let it Rain» var opphavleg spelt inn med ein annan tekst som «She Rides». Det vart gjort tre miksar av albumet, ein av Delaney Bramlett, ein av Tom Dowd og ein av Clapton sjølv. Dowd-miksen vart nytta for det endelege albumet. Bramlett sin miks finst på luksusutgåva som kom på CD i 2006.Liner notes, Eric Clapton Deluxe Edition, Scott Schinder, 2006

Innhald

2006-utgåva

Medverkande

Eric Clapton – sologitar, solovokal Delaney Bramlett – rytmegitar, korvokal Stephen Stills – gitar, korvokal Leon Russell – piano Bobby Whitlock – orgel, korvokal

John Simon – piano Carl Radle – bass Jim Gordon – trommer Jim Price – trompet Bobby Keys – saksofon

Tex Johnson – perkusjon Bonnie Bramlett – korvokal Rita Coolidge – korvokal Sonny Curtis – korvokal Jerry Allison – korvokal

Produksjon Produsert og arrangert av Delaney Bramlett Lydteknikar – Bill Halverson Design og fotografi – Barry Feinstein og Tom Wilkes for Camoflauge Productions. Utstyr – Bill Reed, Clark Turnémanager – Bruce McCaskill

Vekeslister Liste (1970)Plasseringscope=rowscope=rowUS Billboard 20013

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eric Clapton (album)» frå , den 13. mars 2011.

Kategori:Eric Clapton-album Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Polydor Records-album Kategori:Atco Records-album Kategori:Album produserte av Delaney Bramlett