Donovan Philips Leitch () er ein skotsk songar og låtskrivar. Han dukka opp i det britiske visemiljøet og utvikla ein særeigen stil der han blanda viser, jazz, pop, psykedelia og verdsmusikk. Han lever i dag med familien sin i County Cork i Irland.

Donovan vart kjend i Storbritannia tidleg i 1965 med ei rekkje framsyningar på TV-showet Ready Steady Go! og populariteten hans spreidde seg til USA og andre land. Etter han signerte ein kontrakt med det britiske plateselskapet Pye Records i 1965, spelte han inn fleire singlar og to album innan visesjangeren. Etter han frigjorde seg frå den opphavlege management-kontrakten, innleidde han eit langt og suksessrikt samarbeid med den leiande sjølvstendige plateprodusenten Mickie Most, og fekk ei rekkje hittar i Storbritannia, USA, Australia og andre land. Av dei mest kjende innspelingane hans i 1960-åra finn ein «Catch the Wind» og «Colours» i 1965, medan «Sunshine Superman» toppa US Billboard Hot 100-lista året etter og nådde andreplassen i Storbritannia. Donovan var den første artisten som vart signert på CBS/Epic Records av den då ny administrative visepresidenten Clive Davis, som seinare vart leiar for heile CBS Record.

Donovan var ein av dei fremste britiske plateartistane på 60-talet. Han produserte fleire hitplater og singlar mellom 1965 og 1970. Han vart ven med leiande popmusikarar som Joan Baez, Brian Jones, Bruce Springsteen og The Beatles. Han påverka både John Lennon og Paul McCartney då han lærte dei fingerplukkestilen sin på gitar i 1968.McCartney Interview 11/20/68 Donovan var mindre heldig etter han forlét Mickie Most i 1969 og han forlét òg heile musikkindustrien ein periode.

Han heldt fram å halde konsertar og spele inn plater sporadisk i 1970- og 1980-åra, men fall gradvis i unåde. Den milde musikkstilen hans og hippie-imaget vart forakta av kritikarar, særleg etter at punkrock kom. Donovan trekte seg attende frå musikkindustrien fleire gonger i løpet av karrieren, men gjekk renessanse i 1990-åra då rave-miljøet tredde fram i Storbritannia. I 1996 spelte han inn albumet Sutras med produsent og langvarig tilhengjar Rick Rubin og i 2004 gav han ut det nye albumet Beat Cafe. Den 28. september 2010 vart Donovan nominert for å innlemmast i Rock and Roll Hall of Fame 2011.

Tidleg liv Donovan fekk polio som barn og sjukdommen og behandlinga av han gjorde at han halta. I 1956 flytte familien hans til Little Berkhamsted nær Hertford i England.

Påverka av kjærleiken familien hadde for skotsk og engelsk folkemusikk, byrja han å spele gitar 14 år gammal. Han gjekk inn på kunstskule, men slutta kort tid etter og ønskte å leve som ein beatnik med å leggje ut på vegen. I 1963 reiste han til St Ives med Gypsy Dave og andre vener frå Hertfordshire.

1960-åra Då han kom attende til Hatfield, spelte han fleire månader i lokale klubbar, og tok til seg musikk frå det britiske visemiljøet rundt han i heimen i St Albans. Her lærte han gitarteknikkar frå lokale artistar som Mac MacLeod og Mick Softley og han byrja å skrive dei første songane sine.

I 1964 reiste han til Manchester med Gypsy Dave, og var sommaren i Torquay i Devon. I Torquay budde han han hos den gamle venen og gitarmentoren frå St Albans, Mac MacLeod og starta som gatemusikant, studerte gitar og lærte seg tradisjonelle viser og bluessongar.

I seint 1964 fekk han ein management- og forlagsavtale med Peter Eden og Geoff Stephens frå Pye Records i London, der han spelte inn 10 demosongar (nyleg gjenoppdaga og gjeven ut på iTunes), mellom anna den første innspelinga av «Catch the Wind», den første singelen og «Josie». Den første songen synte at han var inspirert av Woody Guthrie og Ramblin' Jack Elliott, som òg hadde påverka Bob Dylan. Han vart då òg samanlikna med Dylan ein periode.Show 48 - The British are Coming! The British are Coming!: With an emphasis on Donovan, the Bee Gees and the Who. [Part 5] : UNT Digital Library I eit intervju med KFOK radio i USA i 2005 sa MacLeod: «Pressa var glade i å kalle Donovan ei 'Dylan-etterlikning' sidan dei begge hadde vorte inspirerte av dei same kjeldene: Ramblin' Jack, Jesse Fuller, Woody Guthrie og mange fleire»

Medan han spelte inn demoane, vart Donovan ven med Brian Jones frå The Rolling Stones, som spelte inn musikk i eit nærliggande studio. Tilfeldigvis møtte han òg eks-kjærasten til Jones, Linda Lawrence, og dei vart nære vener. Ho vart kjæraste med Donovan dei neste fem åra og påverka musikken hans. Ho ville derimot ikkje gifta seg med han og flytte til USA i fleire år seint i 1960-åra. Til slutt vart dei likevel gifte den 2. oktober 1970 ved Windsor Registry Office. Sjølv om han hadde andre kjærleiksforhold—mellom anna eitt som førte til dei første to borna hans, Donovan Leitch, Jr. og Ione Skye Leitch—var han sterkt tiltrekt til Lawrence og ho vart musen hans. Dei blanda kjenslene hans for henne inspirerte til mange songar, mellom anna «Legend Of A Girl Child Linda» og «Sunshine Superman».

I mai 1967 møtte Donovan Bob Dylan i suiten hans i London, då han turnerte i Storbritannia. Musikkpressa hadde skrive mykje om den påståtte rivaliseringa mellom dei to og at Dononvan visstnok etterlikna Dylan, men møtet gjekk bra og Dylan fortalte seinare Melody Maker: «Han spelte nokre songar for meg...eg likar han...han er ein hyggeleg kar.» Melody Maker skreiv òg at Dylan hadde nemnd Donovan i songen «Talking World War Three Blues», men at folk hadde håna han då Donovan vart nemnd. Dylan sa då: «Eg meinte ikkje å tråkke på fyren. Det var berre ein spøk, det var alt.»

Møtet vart fanga i ein dokumentar av D.A. Pennebaker, som filma Dylan våren 1965 og delar av hendinga finst i dokumentaren Don't Look Back, sjølv om mangementet til Donovan ikkje ville ha journalister til stades, fordi dei ikkje ønskte noko skriveri om «disippelen som møter messias».

I eit intervju for BBC i 2001 i høve 60-årsdagen til Bob Dylan, snakka Donovan om Dylan som ei viktig inspirasjonskjelde tidleg i karrieren hans, medan han samstundes distanserte seg frå å vere ein Dylan-etterlikning: Han som verkeleg lærte oss å spele og lærte oss dei tradisjonelle songane var Martin Carthy—som tilfeldigvis vart kontakta av Dylan då Bob først kom til Storbritannia. Bob vart påverka, som alle amerikanske visesongarar er, av keltisk musikk frå Irland, Skottland og England. Men i 1962 var me britiske viseartistane òg påverka av blues og amerikanske visesongarar som spelte den keltiske kulturarva vår...Dylan dukka opp etter Woodie [Guthrie], Pete [Seeger] og Joanie [Baez] hadde erobra hjarto våre og han høyrdest ut som ein cowboy i starten, men eg visste kvar han hadde fått songane sine frå—det var Woodie først, så var det Jack Kerouac og medvitsstraumdiktinga som flytta han vidare. Men då eg høyrde 'Blowing In The Wind' og det var fanfaren for ein ny generasjon - og me artistar vart oppmuntra til å vere like modige og skrive tankane våre i musikken...vi vart ikkje fanga av inspirasjonen hans, me vart oppmuntra til å etterlikna han—og hugs at alle britiske band frå the Stones til the Beatles kopierte note for note, strofe for strofe, frå alle amerikanske pop- og bluesartistar—det er slik unge artistar lærer. Det er ikkje skamfullt å etterlikne ein helt eller to—det syner dei kreative musklane og kvaliteten i songane og teknikken vår. Det var ikkje berre Dylan som påverka oss—for meg gjekk han i spissen for protestane og me gjorde alle eit forsøk på stilen hans. Eg høyrdest ut som han i fem minutt—andre gjorde karriere på stilen hans. Som trubadurar, kan Bob og eg skrive om mange sider av mennesket. Å bli samanlikna var naturleg, men eg er ikkje ein etterliknar.

Samarbeid med Mickie Most Seint i 1965 gjekk Donovan frå det opphavlege managementet sitt og signerte ein avtale med Ashley Kozak, som arbeidde for Brian Epstein sitt NEMS Enterprises. Kozak introduserte Donovan for den amerikanske impresarioen Allen Klein (som seinare tok over managementet for The Rolling Stones og The Beatles). Klein introduserte vidare Donovan for produsenten Mickie Most, som hadde stor suksess på denne tida med listetoppane til The Animals, Lulu og Herman's Hermits

Mickie Most var den pålydande produsenten til alle innspelingane til Donovan i denne perioden, sjølv om Donovan hevdar i sjølvbiografien sin at innspelingane var produserte av han sjølv med lite eller ingen hjelp frå Most. Samarbeidet deira produserte ei rekkje suksessrike singlar og album, spelt inn med leiande studiomusikarar i London, som Big Jim Sullivan, Jack Bruce, Danny Thompson og dei framtidige Led Zeppelin-medlemmane John Paul Jones og Jimmy Page.

Mange av innspelingane til Donovan frå seint i 60-åra hadde ei kjerne musikarar som ofte spelte inn og/eller turnerte med han. Av desse finn ein John Cameron på piano, Danny Thompson (frå Pentangle) eller Spike Heatley på kontrabass, Tony Carr på trommer og conga og Harold McNair på saksofon og fløyte. Congastilen til Carr og den særeigne fløyta til McNair er vesentleg på fleire av desse innspelingane. Cameron, McNair og Carr var òg med Donovan på fleire av dei store konsertane hans og ein kan høyre dei på konsertalbumet Donovan In Concert frå 1968.

Sunshine Superman I 1966 hadde Donovan kome seg bort frå den openlyse Dylan/Guthrie-påverknaden og vorte ein av dei første britiske popmusikarane som starta med flower power-imaget. Viktigare var at musikken hans utvikla seg og endra seg raskt ettersom han fordjupa seg i jazz, blues, austleg musikk og den nye generasjonen av amerikanske vestkystband, som Jefferson Airplane og The Grateful Dead. Han gjekk no inn i den mest kreative og originale fasen sin som låtskrivar og plateartist og arbeidde tett med Mickie Most og særleg arrangøren, musikaren og jazztilhengjaren John Cameron.

Det første samarbeidet var «Sunshine Superman». Som ein av dei første klart psykedeliske popinnspelingane, vart det ei nyskapande blanding av folk, rock, pop og jazz. Arrangementet var forsterka med markant cembalo og sitar, og sett opp mot ein funky conga-driven rytme. Han inneheld òg svake, men umiskjennelege referansar til LSD — mellom anna linja «I could've tripped out easy, but I've changed my ways».

Den raske framgangen til Donovan stoppa mellombels i desember 1964, då Billboard skreiv om den føreståande produksjonsavtalen mellom Klein, Most og Donovan, og så rapporterte at Donovan var på veg til å signere ein avtale med Epic Records i USA. Trass i at Kozak nekta for dette, droppa Pye Records den nye singelen og det oppstod strid om kontrakten, sidan Pye alt hadde ein distribusjonsavtale i USA med Warner Bros. Records. Som følgje av denne striden vart plateutgjevingane til Donovan i Storbritannia og USA markant forskjellige. Tre av platene hans vart ikkje gjevne ut i Storbritannia og Sunshine Superman vart gjeven ut med heilt anna innhald. Fleire viktige albumspor frå seint i 1960-åra vart ikkje gjevne ut i Storbritannia på fleire år.

Rettstvisten heldt fram inn i 1966. Gjennom denne pausen tok Donovan ferie i Hellas, der han skreiv den lengtande «Writer in the Sun», som var inspirert av rykta om at karrieren hans var over. Han turnerte òg i USA og heldt nokre konsertar for små publikum. Det var truleg i denne perioden at han var gjest i episode 23 i Pete Seeger-fjernsysserien Rainbow Quest med Shawn Phillips og Rev. Gary Davis. Etter at han kom attende til London, utvikla han eit venskap med Paul McCartney og medverka visstnok med linja «sky of blue and sea of green» til songen «Yellow Submarine»Robert Fontenot: "Yellow Submarine: The history of this classic Beatles song", About.com, henta 10. mars 2011