Christian Mohn () var ein norsk skihoppar, idrettsleiar og forretningsmann. Han var president i Norges Skiforbund og seinare leiar av interesseforeininga Hoppsportens Venner. I si tid som aktiv hoppar var han medlem av IL Heming.

Mohn deltok i ski-VM både i 1950 og 1954. Han vart nummer 4 i Lake Placid i 1950 og nummer 20 i Falun i 1954. I Holmenkollrennet kom han på andreplass i 1952 og tredjeplass i 1954. Sjuandeplassen i 1952 var hans beste plassering under noko noregsmeisterskap.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1948: Nr 10 i Holmenkollen 1950: Nr 4 i VM i Lake Placid 1952: Nr 2 i Holmenkollen (mest berre norske deltakarar) 1953: Nr 9 i Holmenkollen 1954: Nr 3 i Holmenkollen 1955: Nr 13 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1948: Nr 12 på Lillehammer 1952: Nr 7 i Porsgrunn 1955: Nr 9 på Voss 1956: Nr 9 i Drammen 1958: Nr 10 i Oslo

Kjelder

Arne Thoresen: Lengst gjennom lufta. Versal Forlag, Oslo 2007. ISBN 978-82-8188-030-6, s. 110

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske idrettsleiarar