London '66–'67 er ein EP og ein film med musikken til Pink Floyd med «tapte» spor - ein lang versjon av «Interstellar Overdrive» og «Nick's Boogie». Desse vart opphavleg spelte inn for Peter Lorrimer Whitehead-filmen Tonite Lets All Make Love in London. i 1967 og førstnemnde vart gjeven ut i ei kortare utgåve for filmmusikkalbumet. Han vart opphavleg gjeven ut i full versjon først i 1990 på See for Miles Records-utgåva av filmmusikkalbumet. Dei er dei tidlegaste Pink Floyd-innspelingane som er til sals.
EPen kom ut i 1995, så på Snapper Music (SMACD924X, 2005) den 13. september 2005, som ein nymastra CD og ein DVD med heile filmen samt klipp frå den originale filmen.
Innhald
DVD London '66–'67, den originale filmen med heile videoen til «Interstellar Overdrive» og «Nick's Boogie». Intervju frå 1960-åra med Mick Jagger, David Hockney, Michael Caine og Julie Christie. Bilete frå London-miljøet frå seint i 60-åra. Oversyn av regissør Peter Whitehead.
Medverkande Pink Floyd Syd Barrett – elektrisk gitar Roger Waters – bassgitar Richard Wright – Farfisaorgel Nick Mason – Trommer, perkusjon
Produksjon Joe Boyd – produksjon John Woods - Lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «London '66–'67» frå , den 15. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:EP-ar frå 1995 Kategori:Filmar frå 2005 Kategori:Album produserte av Joe Boyd Kategori:Pink Floyd-filmar Kategori:Pink Floyd-album
ka:London '66 - '67 (ალბომი)#ფილმი