Fredrik Sigismund Schiørn () var ein norsk prest og stortingsmann frå Skedsmo.

Schiørn var son til ein offiser. Han vart student i 1848 og cand. theol. i 1854. Deretter var han lærar på Kongsberg og privatlærar i Rødenes, frå 1859 personalkapellan i Balestrand. Frå 1868 til 1883 var han sokneprest i Varteig, sidan var han sokneprest i Våle i Vestfold. Også medlem av forlikskommisjonen i Våle frå 1889.

Schiørn representerte Sarpsborg på Stortinget 1880-82 og 1883-85. I begge periodane var han medlem av protokollkomiteen. Han slutta seg til Høgre då dette partiet vart skipa i 1884.

Schiørn døydde i Tønsberg i 1908.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Skedsmo