Alexander Kloster-Jensen () er ein norsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent frå Fredrikstad. Han har erfaring frå fleire ulike band.
Karriere
Han var med på oppstarten av bandet Ricochets i 1998, og spelte gitar der. Han har også produsert tre av albuma til bandet. Frå 2001 til 2004 spelte han for det svensk-norske bandet Hello Goodbye. I 2003 gjekk han saman med Robert Burås frå Madrugada og starta bandet My Midnight Creeps. Bandet fekk gode kritikkar og gav ut to cd-ar (produsert av Kloster-Jensen), men vart oppløyst då Burås døydde i juli 2007.
Kloster-Jensen har også spelt gitar på to av cd-ane til Madrugada, The Deep End frå 2005 og Madrugada frå 2008. Då Madrugada la ut på avslutningsturné hausten 2008, var Kloster-Jensen igjen med som gitarist i staden for Burås.
Kloster-Jensen og bassisten frå Madrugada, Frode Jacobsen har arbeidt mykje saman. I 2009 produserte dei to saman eit album for Ingrid Olava, og same året starta dei bandet Kitchie-Kitchie-Ki-Me-O saman med Bezhad Farrazollahi og Dag Stiberg (begge frå My Midnight Creeps) og Anders Møller. Debutalbumet til Kitchie Kitchie Ki Me O blei gitt ut på EMI i juni 2011 til gode kritikkar. Bandet avslutta ØYA 2011 og spelte på Roskilde-festivalen same året. I 2016 gav gruppa ut albumet Land or Water på det londonbaserte selskapet House of Mythologhy.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alex Kloster-Jensen» frå , den 11. februar 2011.
Bakgrunnsstoff
Fredrikstad Blad, 26.07.08: Spesielt å stå på Roberts plass. Aftenposten, 22.04.08: Det føles veldig riktig.
kategori:Norske gitaristar kategori:Norske plateprodusentar kategori:Folk frå Fredrikstad