Jul på Sunnmøre er eit julehefte som vert utgjeve av Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag. Første heftet kom i 1967. Initiativtakarar var Ivar Grøvik, Ivar Grimstad og Asbjørn Bortne. Desse tre stod og for utgjevinga av det første heftet, etter at årsmøtet i Ungdomssamlaget hadde vedteke at eit julehefte skulle utgjevast, at namnet skulle vere Jul på Sunnmøre, og at eit eventuelt overskot skulle gå til fond for Sunnmørsprisen. I åra som følgde var det Grøvik som stod for det meste av arbeidet med juleheftet.
Jul på Sunnmøre har kome årvisst.
Kjelder Jul på Sunnmøre 1967
Bakgrunnsstooff Jul på Sunnmøre ved nb.no
Kategori:Julehefte Kategori:Sunnmøre Kategori:Skipingar i 1967 Kategori:Nynorske tidsskrift