Jørres Schjelderup Hansen () var ein norsk prest og stortingsmann frå Kongsvinger.

Hansen var son til ein forvaltar, fødd på Østmark ved Kongsvinger Han vart student i 1829 og cand. theol. i 1836. Frå 1840 var han sokneprest i Lebesby, deretter frå 1846 i Nesseby. Perioden 1849-67 var han sokneprest i Ibestad, deretter i Børsa fram til 1870.

Hansen var 4. representant frå Finmarkens amt på Stortinget 1857, omframstortinget 1858 og Stortinget 1859-60. Han var medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde på Holm i Aker i desember 1870, same året som han tok avskjed frå prestegjerninga.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Folk frå Kongsvinger