mini|Brimnes Brimnes var eit ferjeleie som var ein del av ferjesamabandet Bruravik-Brimnes i Hardanger. Det ligg i Eidfjord kommune i Hordaland på sørsida av Eidfjorden, som er den indre delen av Hardangerfjorden.

Ferjeleiet vart lagt ned då Hardangerbrua opna i 2013.

Brimnes eller Brynnes

Folkeminnesamlaren Halldor O. Opedal argumenterte i bøkene sine for at Brimnes er ei galen form, og at den rette namneforma burde vera Brynnes: «Der brynte dei eller lende med båtane sine på garden, og sjølve seier folki Brynnes med y. Bremnes med e er ei form som kontorfolk hev gripe ut or lufti. HSD brukar denne galne formi. No: Brimnes.»

Kjelde

Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus.

Kategori:Samferdsle i Eidfjord Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland