Llyn Melynllyn er ein innsjø på kanten av Carneddau-fjella i Snowdonia i Nord-Wales. Han ligg like over 600 meter over havet og har eit areal på 7,5 hektar. Bratte klipper stig opp på vestsida opp til toppen av Foel Grach.
Det vart bygd ei lita demning i nordenden i 1887, men denne vart det slått hol på i 1970. Innsjøen er reservoar for Llandudno-området. Mindre enn ein kilometer mot nord ligg den større Llyn Dulyn.
Elva som renn ut frå innsjøen heiter Afon Melynllyn, og renn nordaustover mot Afon Dulyn, som igjen er ei sideelv til Conwyelva.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Llyn Melynllyn» frå , den 23. desember 2010. oppgav desse kjeldene: The Lakes of Eryri av Geraint Roberts, Gwasg Carreg Gwalch, 1985
Llyn Melynllyn Llyn Lelynllyn