Viborgs län (finsk Viipurin lääni) er eit historisk len i Finland. Lenet bestod i tidsrommet 1812–1945. Før 1811 utgjorde lenet mesteparten av Viborgs guvernement i Russland.
Ved freden i Nystad 1721 måtte Sverige avstå Det karelske neset og Ladoga-Karelen til Russland. Ved freden i Åbo 1743 måtte Sverige dessutan avstå alt land austom Kymmene älv til Russland. Desse områda i Russland utgjorde fram til 1811 Viborgs guvernement. Då heile Finland vart avstått til Russland i 1809 vart Viborgs guvernement sameint med Finland att i 1811 og danna frå 1812 Viborgs län i Finland. Byar i Viborgs län var Viborg (Viipuri), Fredrikshamn (Hamina), Kotka, Villmanstrand (Lappeenranta), Kexholm (Käkisalmi) og Sordavala (Sortavala). Byen Nyslott (Savonlinna) som òg hadde høyrt til Viborgs guvernement, vart overført til det i 1831 oppretta Sankt Michels län.
Etter vinterkrigen 1939–1940 vart størsteparten av Viborgs län med byane Viborg, Kexholm og Sordavala avstått til Russland. Området vart teke attende av Finland i framhaldskrigen 1941–1944 men på nytt tapt til Russland i 1944. Landavståinga vart stadfest ved fredsavtala i Paris 1947. Dei over 400 000 innbyggjarane i dei avståtte finske områda måtte finne seg nye heimar i Finland. Dei avståtte områda vart innlema i Leningrad oblast og Karelia i Russland. Det karelske neset med byane Viborg (russisk Vyborg (Выборг)) og Kexholm (russisk: Priozersk (Приозерск)) ligg i Leningrad oblast, medan Ladoga-Karelen med byen Sordavala (russisk Sortavala (Сортавала)) ligg i Karelia.
Dei attverande delane av Viborgs län med byane Kotka, Fredrikshamn og Villmanstrand vart 1945 omdøypt til Kymmene län.
mini|Viborgs guvernement, avstått til Russland i 1721 (grønt) og 1743 (gult).
mini|Område avstått til Russland 1944. Det karelske neset med byane Viborg (raudt) og Kexholm (svart) utgjer området sørvest for Ladoga. Ladoga-Karelen med byen Sordavala (svart) utgjer området nord for Ladoga.
Kommunar i dei avståtte områda Nedanfor fylgjer eit alfabetisk oversyn over dei kommunane i Viborgs län som vart avståtte til Russland i 1944. I tabellen er svenske, finske og russiske namn oppførte. Lista over svenske namn fylgjer den offisielle arkivlista.Genealogiska Samfundet i Finland, Finlands församlingar, Avträdda området sitt församlingar som upphört. Eldre svenske namn som kan nyttast i historiske samanhengar, finst i lista frå Svenska folkpartiets ortnamnskommitté.Å. Granlund og K. Zilliacus, Svenska ortnamn i Finland med finska motsvarigheter, Helsingfors 1962. Tradisjonelle uoffisielle svenske namn Uppslagsverket Finland Kommunar i dei avståtte områda med tradisjonelle, men ikkje «offisielle», svenske namn: Impilax, Jääskis, Kirvus, Mola, Rautus, Salmis er ikkje oppførte i tabellen. Dei russiske namna i Ladoga-Karelen er transkripsjonar av dei finske namna. På Det karelske neset vart dei russiske namna tildelte i 1948–49 for alle tettstader, unnateke Viborg.kannas.NM.ru/ (russisk)
Folketalet i kommunane er henta frå Finlands officiella statistik.Finlands officiella statistik, VI: Befolkningsstatistik 93. Befolkningsförhållandena år 1939. FOS VI:93., sjå Suomen Kunnat, Historiske folketalet i 621 finske kommunar. (finsk). mini|Flyktningar frå Muolaa på veg mot vest, desember 1939
Svensk namn Finsk namn Russisk namn Folketal 1939 Distrikt Björkö Koivisto Primorsk Det karelske neset Björkö landkommune Koivisto landkommune Primorsk landkommune Det karelske neset Harlu Harlu Kharlu Ladoga-Karelen Heinjoki Heinjoki Vesjtsjovo Det karelske neset Hiitola Hiitola Khijtola Ladoga-Karelen Hogland Suursaari Gogland Utøyane Impilahti Impilahti Impilakhti Ladoga-Karelen Jaakkima Jaakkima Jaakkima Ladoga-Karelen Jääski JääskiDen delen som vart igjen i Finland, vart innlemma i nabokommunane. Lesogorskij Det karelske neset Kanneljärvi Kanneljärvi Pobeda Det karelske neset Kaukola Kaukola Sevastjanovo Det karelske neset Kexholm Käkisalmi Priozersk Det karelske neset Kexholm landkommune Käkisalmi landkommune Priozersk landkommune Det karelske neset Kirvu Kirvu Svobodnoje Det karelske neset Kivinebb Kivennapa Pervomajskoje Det karelske neset Korpiselkä Korpiselkä Korpiselkä Ladoga-Karelen Kronoborg Kurkijoki Kurkijoki Ladoga-Karelen Kuolemajärvi Kuolemajärvi Pionerskoje Det karelske neset Lahdenpohja Lahdenpohja Lakhdenpokhja Ladoga-Karelen Lavansaari Lavansaari Mosjtsjnyj Utøyane Lumivaara Lumivaara Lumivaara Ladoga-Karelen Metsäpirtti Metsäpirtti Zaporozjskoje Det karelske neset Muolaa Muolaa Pravdino Det karelske neset Nykyrka Uusikirkko Poljany Det karelske neset Pyhäjärvi Pyhäjärvi Otradnoje Det karelske neset Pälkjärvi PälkjärviKommunen grensa til Viborgs län, men høyrte til Kuopio län. Pälkjärvi Ladoga-Karelen Rautu Rautu Sosnovo Det karelske neset Ruskeala Ruskeala Ruskeala Ladoga-Karelen Räisälä Räisälä Melnikovo Det karelske neset Sakkola Sakkola Gromovo Det karelske neset Salmi Salmi Salmi Ladoga-Karelen Sankt Andree Antrea Kamennogorsk Det karelske neset Sankt Johannes Johannes Sovetskij Det karelske neset Seitskär Seiskari Seskar Utøyane Soanlahti Soanlahti Soanlakhti Ladoga-Karelen Sordavala Sortavala Sortavala Ladoga-Karelen Sordavala landkommune Sortavala landkommune Sortavala landkommune Ladoga-Karelen Suistamo Suistamo Sujstamo Ladoga-Karelen Suojärvi Suojärvi Suojarvi Ladoga-Karelen Säkkijärvi Säkkijärvi Kondratjevo Det karelske neset Terijoki Terijoki Zelenogorsk Det karelske neset Tyterskär Tytärsaari Bolsjoj Tjuters Utøyane Vahviala Vahviala Jasjino Det karelske neset Valkjärvi Valkjärvi Mitsjurinskoje Det karelske neset Viborg Viipuri Vyborg Det karelske neset Viborg landkommune Viipuri landkommune Vyborg landkommune Det karelske neset Vuoksela Vuoksela Vuoksela Det karelske neset Vuoksenranta Vuoksenranta Ozjorskoje Det karelske neset Äyräpää Äyräpää Barysjevo Det karelske neset Sum
Kommunar som berre miste ein del av området sitt, men som elles heldt fram etter krigen: Virolahti, Ylämaa, Lappee, Nuijamaa, Ruokolahti, Rautjärvi, Simpele, Parikkala, Saari, Uukuniemi, Kitee, Tohmajärvi, Värtsilä, Ilomants.
Øvrige utøyar i Finskebukta som vart avståtte til Russland: Sommarö, Nervö, Rödskär.
Sjå òg Karelen Det karelske neset Tidlegare kommunar i Finland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Viborgs län» frå , den 20. desember 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Uppslagsverket Finland, Viborgs län Artikkel om Viborgs län i Nordisk familjebok, bind 32, spalte 215, 1921 Kommuneinndeling i dei avståtte områda
Kategori:Karelia Kategori:Det karelske neset Kategori:Viborg Kategori:Len i Finland (1917-1997)