Ole Christian Andersen Nøstvig () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Velfjord i Nordland.
Far hans var gardbrukar i Velfjord. Sjølv tok han over farsgarden i 1804 og dreiv denne i lang tid. I 1838 vart han vald inn i det fyrste heradsstyret og var ordførar i fleire år. Også fleire år som forlikskommissær og valmann.
Nøstvig representerte Nordlands amt på Stortinget 1830-37 og 1842-45. Til Stortinget 1827 og 1828 var han 1. varamann, og møtte på omframstortinget 1828 frå 3. juni. Både i 1830, -33, -36, -42- og -45 var han medlem av kyrkjekomiteen, på omframstortinget 1836-37 av kyrkjekomite nr 2. Elles var han 1830 og -33 medlem av matrikkelkomiteen, 1833 av komiteen om tiend i Finmarken, 1836, 1836-37 og 1845 av valkomiteen samt medlem av Lagtinget 1836, 1836-37, 1842 og 1845. I 1836 var han medlem av riksretten mot Severin Løvenskiold.
Han døydde på garden sin Velfjord i 1852 «af langvarig Sygdom».
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Ordførarar i Brønnøy Kategori:Folk frå Brønnøy