Hans Pedersen Kjelsberg () var ein lensmann og stortingsmann frå Røros i Sør-Trøndelag.
Far hans var bergkandidat og arbeidde ved Røros koparverk. Sjølv var han kontorist i ni år både i Trøndelag, Nordland og Solør. Etter han tok preliminæreksamen, byrja han studere jus. Han slutta studiane i 1846, då han vart lensmann i Lødingen. Frå 1848 var han også gardbrukar på garden Nes. Frå 1847 til 1887 var han med i oppsynet under lofotfisket. Kjelsberg var medlem av heradsstyret i Lødingen 1851-90 og forlikskommissær frå 1857. Han var elles kommunkasserar frå 1851 og formann i matrikkelkommisjonen i Lødingen.
Kjelsberg representerte Nordlands amt på Stortinget i 1857 og omframstortinget 1858, samt Stortinget 1859-60. I 1857 var han medlem av protokollkomiteen og i 1859-60 av Lagtinget og justiskomite nr 1.
Han døydde i Lødingen i 1903.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Folk frå Røros Kategori:Folk frå Lødingen