Vassenden er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 18.
Geografi Vassenden ligg ved utlaupet til Ramsgrøvatnet og grensar i nord og vest til Ramsgrø og til Øn i aust og sør. Fylkesveg 607 går over garden.
Historie Garden vart skilt ut frå Øn i 1873 og hadde før det vore husmannsplass. Ein veit sikkert at det har budd folk på Vassenden sidan 1700-talet, men det kan ha budd folk der også før.
Garden har heile tida vore einbølt.
Namnet Gardsnamnet kjem av at garden ligg ved enden av Ramsgrøvatnet.
Vassenden er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Vassenden» i 1986.
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Vidare lesnad
Bakgrunnsstoff «Vassenden» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Vassenden» i matrikkelutkastet av 1950 «Vassenden» i gardsmatrikkelen for 1886
Kategori:Gardar i Hyllestad