Varlia, tidlegare skrive Vardlia og Varlien, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 2.
Geografi Varlia ligg på nordsida av Skifjorden og grensar i vest til Laberget, i nord til gardar i Fjaler kommune og i aust til Bordvika. Fylkesveg 61 i Sogn og Fjordane går over garden eit stykke nedom tuna.
Historie Varlia er ein gammal gard. Nabogarden i vest, Laberget vart skilt ut frå Varlia i 1796. Det har vore to bruk på Varlia sidan 1849.
Namnet Namnet kjem av fjellet Varden, som no ligg på nabogarden Laberget. I kjeldene er namnet skrive «Warlienn» (1608), «Waarlien med Ladeberrig» (1667) og «Warlien med Ladberg» (1723).
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Varlia» i 2003 og avviste samstundes «Vardlia».
Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn plar det skrivast «Varlid».
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Vidare lesnad
Bakgrunnsstoff «Vardlia» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Varlien» i matrikkelutkastet av 1950 «Varlien» i gardsmatrikkelen for 1886
kategori:Gardar i Hyllestad