Georg Henrik von Wright (uttalt fån vrigt) () var ein finlandssvensk filosof. Han var ein av dei fremste filosofane i tida med eit interessefelt som gjekk frå logikk og etikk til kultur- og vitskapsfilosofi. Han etterfølgde den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein som professor ved universitetet i Cambridge.

G. H. von Wright har publisert ei rekkje verk på svensk, finsk, engelsk og tysk. Han har òg redigert og publisert dei seinare arbeida til Wittgenstein. Gjennom sine siste tjue år, skreiv han fleire bøker om dagens samfunn og i kva grad framsteget vårt faktisk kan reknast som framsteg.

Han var påverka av den tyske filosofen Oswald Spengler, og oppdaga seinare i livet at òg Wittgenstein hadde lese arbeida til Spengler og til hans overrasking likt det.

Verk

The Logical Problem of Induction, doktoravhandling, 1941 Den logiska empirismen, 1945 Über Wahrscheinlichkeit, 1945 An Essay in Modal Logic, 1951 A Treatise on Induction and Probability, 1951 Tanke och förkunnelse, 1955 Logical Studies, 1957 Logik, filosofi och språk 1957 The Varieties of Goodness, 1963 Norm and Action, 1963 The Logic of Preference, 1963 Essay om naturen, människan och den vetenskaplig-tekniska revolutionen, 1963 An Essay in Deontic Logic, 1968 Time, Change and Contradiction, 1969 Tieteen filosofian kaksi perinnettä, 1970 Explanation and Understanding, 1971 Causality and Determinism, 1974 Handlung, Norm und Intention, 1977 Humanismen som livshållning, 1978 Freedom and Determination, 1980 Wittgenstein, 1982 Philosophical Papers I-III, 1983-1984 Filosofisia tutkielmia, 1985 Vetenskapet och förnuftet, 1986 Minervan Pöllö, 1991 Myten om framsteget, 1993 The Tree of Knowledge 1993 Att förstå sin samtid, 1994 Six Essays in Philosophical Logic 1996 Viimeisistä ajoista. Ajatusleikki, 1997 Mitt liv som jag minns det, 2001

Prisar og utmerkingar (utval) 1968 – Svenska Akademiens Finlandspris

Kjelder Denne artikkelen bygger på «» frå , den 11. november 2010.

Kategori:Finske filosofar Kategori:Finske professorar Kategori:Æresdoktorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Finske logikarar Kategori:Finlandssvenskar Kategori:Folk frå Helsingfors