2010 (MMX med romartal) var eit år utan skotdag som byrja på ein fredag.

Hendingar

Jubilé 400 år sidan Jupitermånane Io, Europa, Ganymede og Callisto vart oppdaga av Galileo Galilei. 200 år sidan Grito dei Dolores som førte til at Mexico starta sjølvstendekrigen. 200 år sidan Ole Bull vart fødd 5. februar 1810 200 år sidan Peter Andreas Munch vart fødd 15. desember 1810 100 år sidan Den internasjonale kvinnedagen blei innstifta etter initiativ frå Clara Zetkin (8. mars) 100 år sidan Norsk Presseforbund og Mediebedriftenes Landsforening vart etablert (dato ukjent) 100 år sidan Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim opna (15. september) 100 år sidan Trondhjems Studentersangforening i Trondheim vart stifta (18. oktober) 100 år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde (26. april) 50 år sidan SI-systemet vart utforma 50 år sidan Jacques Piccard og Don Walsh i USS Trieste som dei første menneska nådde botnen av Challenger-djupet i Marianegropa i Stillehavet (23. januar) 50 år sidan NRK starta sendingane sine på norsk fjernsyn 30 år sidan Finnmarksløpet vart arrangert for første gongen. 20 år sidan Hubble Space Telescope vart skote opp (24. april)

Hendingar Utlandet 1. januar: Spania tok over formannskapet i Rådet for Den europeiske unionen. Ein sjøvlmordsbombar drap minst 95 personar og skadar over 100 under ein volleyballkamp i nordvestre Pakistan. Den danske karikaturteiknaren Kurt Westergaard blei utsett for eit drapsforsøk i heimen sin. Minst 75 menneske døydde som følgje av jordskred og flaum i den brasilianske delstaten Rio de Janeiro. Flaumen førte òg til at landet sitt einaste atomkraftverk måtte stengast. 4. januar: Det 828 meter høge Burj Khalifa blei opna. 5. januar: Den islandske president Olafur Ragnar Grimsson nekta å skrive under på ein lov om tilbakebetaling av gjeld til England og Nederland, men kravde folkerøysting om loven. 6. januar: Ein sjølvmordsbombar drap seks politimenn ved byen Makhatsjkala i Dagestan i Russland. Labour-politikarane Patricia Hewitt og Geoff Hoon prøvde å samle nok stemmar i det britiske parlamentet til å avsetje statsminister Gordon Brown. 7. januar: Sju rakettar blei avfyrt mot Israel frå Gaza. Israelske kampfly bomba tre mål i Gaza. Ein 51 år gammal mann skaut mot personalet med ein AK-47 på eit ABB-kontor i den amerikanske byen St. Louis. Sju personar blei treft av skota, tre av dei døydde. Gjerningsmannen tok deretter sitt eige liv. 8. januar: Spelarbussen til Togo sitt herrelandslag i fotball blei skoten på med maskingevær då dei kom til Angola for å spela i Afrikameisterskapen. Bussjåføren og to personar i laget sitt støtteapparat blei drepne, medan fleire blei alvorleg skadt. Separatistrørsla Kampen for fridom for Kabinda-enklaven skal ha stått bak angrepet. 10. januar: Kroatia heldt andre valomgang i presidentvalet. Ivo Josipović blei vald til ny president med 60,3% av stemmane. 11. januar: Chile blei det første søramerikanske landet i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). 12. januar: Eit jordskjelv på Haiti mælte 7.0 på Richters skala, og gjorde store skadar i hovudstaden. Heineken overtok FEMSA Cerveza. 14. januar: Ein sjølmordsbombar tok livet av minst 20 personar i byen Dihrawud i Afghanistan. Tre bomber eksploderte i byen Najaf i Irak og drap minst 25. Dommedagsklokka blei stilt eitt minutt tilbake. 15. januar: Ringsolformørking, den lengstvarande slike på heile 2000-talet, kunne sjåast i Afrika og Asia. 17. januar: Chile heldt andre valomgang i presidentvalet. Den konservative Sebastián Piñera vinn, med 51,6% av stemmane. Ukraina heldt første valomgang i presidentvalet. Viktor Janukovytsj og Julija Tymosjenko gjekk vidare til andre valomgang. Kampar mellom kristne og muslimar i den nigerianske byen Jo sin byrjar. Fleire hundre blir drepe i løpet av dei neste dagane. 19. januar: Republikanske Scott Brown vann eit senatorsete i suppleringsvalet i Massachusetts. Japan Airlines (JAL) blei slått konkurs. 23. januar: Seks TV-kanalar i Venezuela vart stengde fordi dei ikkje viste talane til president Hugo Chavez. Å gjera dette hadde vore lovfesta sidan desember 2009. 25. januar: Ali Hassan al-Majid blei avretta i Irak. Ethiopian Airlines Flight 409 styrta i Libanon. 26. januar: Sri Lanka heldt presidentval. Mahinda Rajapaksa blei gjenvald. 27. januar: Apple offentleggjorde notatblokk-PCen iPad. 31. januar: Statoil og LUKoil skreiv kontrakt for 20 år for West Qurna 2-feltet i Irak. 16 personar vart massakrerte under ein ungdomsfest i den meksikanske byen Juárez. Dei vart drepne av ein narkotikabande som trudde festdeltakarane var gjengmedlemmer. 12.–28. februar: Vinter-OL 2010, dei 21. olympiske vinterleikane, blei skipa til i Vancouver i Canada. 12.–21. mars: Vinter-paralympics 2010 i Vancouver i Canada.

Noreg 1. januar:Åsgårdstrand, Moelv og Brumunddal fekk bystatus. Båtførarprøven blei obligatorisk for førarar av store fritidsbåtar. Synleg oppstilling av tobakksvarer blei forbode i Noreg. Inkassosatsene i Noreg blei redusert. Den nye utlendingsloven kom i kraft i Noreg. Forskriften om kommunal beredskapsplikt kom i kraft. Ansvarsgrensene i sjøloven for erstatningskrav ved opprydding etter sjøulykker blei heva. P5, P4 sine nye lokalradiokanalar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, starta sendingane sine. 4. januar: NRK Super lanserte eigne nyheitssendingar for born, Supernytt. 6. januar: Ny kulderekord for Buskerud med –38,9 °C på Dagali flyplass. I timen mellom kl 8 og 9 blei det sett ny rekord for forbruk av straum i Noreg. 23 967 MWh/h blei brukt. 11. januar: Luftkvaliteten i Bergen blei mælt til den dårlegaste blant Europas byar. 15. januar: Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité heldt ei open høyring om dei store problema med NAV-reforma. For å få ned luftforureininga i Bergen blei det innført restriksjonar på biltrafikken inn til sentrum. 16. januar: Noreg toppa som året før SN si liste over menneskeleg utvikling, HDI. 26. januar: Hønefoss kyrkje brann ned. 18.–24. januar: Tromsø Internasjonale Filmfestival i Tromsø.

Fødde

Døde mini|Presiden Kaczyński i Polen omkom i ei flyulukke 10. april, her på paradeseng i presidentpalasset

27. januar: J.D. Salinger, USA-amerikansk forfattar Howard Zinn, USA-amerikansk historikar 11. februar: Alexander McQueen, britisk moteskapar 25. mars: Pål Bang-Hansen, norsk filmjournalist 21. april: Gustav Lorentzen, «Ludvigsen» i duoen Knutsen og Ludvigsen. 10. april: Lech Kaczyński, president i Polen 9. mai: Lena Horne, USA-amerikansk songar 5. juni: Arne Nordheim, norsk komponist 18. juni: José Saramago, portugisisk forfattar 8. juli: Anders Bratholm, norsk jurist 9. juli: Basil Davidson, britisk historikar 5. september: Ludvig Eikaas, norsk målar 5. oktober: Jack Berntsen, norsk musikant 12. oktober: Tikken Manus, norsk motstandskvinne 27. oktober: Nestor Kirchner, argentinsk president