Oppedalselva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho har utspring frå Skiddalsvatnet på fjellområda austom Risnefjorden, mellom Synnlikletten og Grønnlifjellet. Elva renn mot nordaust gjennom fleire små og høgtliggande vatn, før ho fell bratt ned i dalen ved Oppedalsstølen. Like nedanfor fell den rundt 150 meter høge Lønningefossen ned frå vestsida av den djupe og tronge dalen. Heretter renn elva mot nord-nordvest til ho munnar ut i Sognefjorden ved Ytre Oppedal. Langs den siste kilometeren før fjorden ligg det busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva. Oppedalselva er lang, og har eit nedbørfelt på .NVE Atlas , Norges vassdrags- og energidirektorat Middelvassføringa ved munningen er .
Fiske Vassdraget hadde under dei siste tiåra av 1900-talet ein sterk reduksjon i fiskebestandane på grunn av sur nedbør. Dei øvste dela av nedbørfeltet vart hardast ramma, og i Skiddalsvatnet og Krokelivatnet, som er dei to høgast liggjande innsjøane, døydde bestanden av aure ut allereie på 1970-talet. I Grønlivatnet og Klypevatna, som ligg mellom ein og to kilometer nedstraums desse, var det enno i 1990 tynne bestandar av aure, men òg i desse vatna vart det på 1970-talet registrert ein nedgang i aurebestanden.Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
I seinare år er det sett ein monaleg betring i tilhøva for fiskebestandane i Gulen. Bestanden av aure har auka i fleire vatn austom Fjordsdalen, blant anna i Grønlivatnet og Klypevatna der bestanden har auka frå «tynn» til «middels tett».Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4
Kjelder
Kategori:Elvar i Gulen