Greatest Hits er den tredje samleplata til Neil Young etter Decade og Lucky Thirteen. Elleve av dei første tolv songane finst alt på Decade og plata omfattar heile solokarrieren frå 1969 til 1992. Bakpå plateomslaget skriv Young at songane vart valt ut basert på dei opphavlege salstala, kor mykje dei vart spelt på radio og kor mykje dei vart nedlasta.
Alle songane på albumet vart remastra med hjelp av HDCD-prosessen, som Young har nytta sidan 1995.
Albumet gjekk inn på 27. plass i USA og selde om lag 51 000 eksemplar den første veka. Han vart liggande på lista i 17 veker og selde til slutt til gullplate. I Noreg nådde albumet 10. plass.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Greatest Hits (Neil Young album)» frå , den 31. oktober 2010.
Kategori:Neil Young-album Kategori:Samlealbum frå 2004