«War Song» er ein song frå 1972 skriven av Neil Young. Songen vart spelt inn av Neil Young & Graham Nash, i lag med The Stray Gators og gjeven ut som singel. Singelen vart gjeven ut til støtte for presidentkampanjen til George McGovern, som kjempa mot dåverande president Richard Nixon. Young hadde alt sagt kva han meinte om Nixon nokre år tidlegare med songen «Ohio» då han var medlem av Crosby, Stills, Nash & Young og igjen prøvde han å gjere innverknad med ein protestsong. Singelen gjorde det derimot dårleg.

Singelen gjekk raskt ut av opplag. Warner Brothers gav ut songen på «Loss Leader»-serien deira i 1974. Etter dette vart ikkje «War Song» tilgjengeleg igjen før juni 2009, då han vart gjeven ut på Neil Young sin The Archives Vol. 1 1963–1972.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «War Song» frå , den 27. oktober 2010.

Kategori:Antikrigssongar Kategori:Neil Young-songar Kategori:Protestsongar Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Songar skrivne av Neil Young