«Almost Cut My Hair» er ein song skriven av David Crosby og innspelt av Crosby, Stills, Nash & Young for albumet Déjà Vu i 1970.
Songen er ein hymne til opprør og personleg fridom og vart innspelt i Wally Heiders «Studio C» i San Francisco. Det er ein av få songar frå Déjà Vu som vart spelt inn live av CSN&Y. Songen syner det rå og ufortrødne raseriet som vart synonymt med det elektriske materiale til supergruppa.Allmusic I følgje Allmusic er det liten tvil om at Crosby dominerer innspelinga med det som kanskje er den mest lidenskaplege vokalen i heile karrieren hans. «Almost Cut My Hair» demonstrerer òg den trevegs elektriske «gitar-samtalen» mellom Crosby, Stephen Stills og Neil Young. Dette er mest truleg i instrumentalpartiet før «When I finally get myself together...».
Det finst ein lengre og uklipt versjon av songen i plateboksen CSN. Ein soloversjon av songen med Black Crowes-vokalisten Chris Robinson finst på konsertplata til Crosby, It's All Coming Back to Me Now... frå 1994.
Medverkande David Crosby – solovokal, rytmegitar Stephen Stills – gitar Graham Nash – orgel Neil Young – gitar
Andre medverkande Dallas Taylor – trommer, perkusjon Greg Reeves – bass
Kjelder
Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-songar Kategori:Songar skrivne av David Crosby Kategori:Queensrÿche-songar