Crazy Horse er eit amerikansk rockeband som er best kjend for tilknytinga til Neil Young. Dei er godskrivne på mange albuma til Young, og har gjeve ut fem album på eiga hand.

Neil Young henta inn Danny Whitten (gitar), Bill Talbot (bass) og Ralph Molina (trommer) frå gruppa The Rockets til det andre soloalbumet hans, Everybody Knows This is Nowhere (1969). Dei tre braut ut av The Rockets og inngjekk i eit meir permanent samarbeid med Neil Young under namnet Crazy Horse. Bandet deltok òg på det neste albumet til Young, After the Gold Rush (1970). Dei nytta høvet til å spele inn det første albumet sitt, òg kalla Crazy Horse, medan Neil Young var oppteke med samarbeidet sitt i Crosby, Stills, Nash & Young. Nils Lofgren og Jack Nitzsche, begge med sterke band til Neil Young, bidrog på albumet. Sjølv om albumet aldri vart nokon kommersiell suksess, viste det at bandet hadde meir å fare med enn berre å opptre som backingband for andre. Danny Whittens «I Don't Want to Talk About It» frå albumet vart i 1975 spelt inn og gjort til ein hit med Rod Stewart.

Crazy Horse deltok ikkje på det fjerde albumet til Young, Harvest (1972), men låten «The Needle and the Damage Done» frå albumet skal ha utgangspunktet sitt i blant anna heroinmisbruket til Danny Whitten. Whitten døydde av ein overdose 18. november 1972, og vart erstatta med Frank «Poncho» Sampedro i 1973. Saman med Talbot og Molina har dei tre utgjort Crazy Horse heilt fram til i dag. Neil Young sitt Tonight's the Night er dedisert Danny Whitten og ein annan av Young sine gode vener som lei same skjebne som Whitten.

Medlemmer Noverande Billy Talbot, bass, vokal Ralph Molina, trommer, vokal Frank «Poncho» Sampedro, gitar, orgel, vokal (1975–i dag)

Tidlegare medlemmer av Neil Young og Crazy Horse Danny Whitten, gitar, vokal Jack Nitzsche, keyboard, vokal

Andre tidlegare medlemmer Nils Lofgren, gitar, keyboard, vokal George Whitsell, gitar, vokal Greg Leroy, gitar, vokal John Blanton, keyboard Rick Curtis, gitar, vokal Michael Curtis, keyboard Sonny Mone, gitar, vokal Matt Piucci, gitar

Diskografi The Rockets The Rockets, White Whale Records 1968

Crazy Horse Crazy Horse, Reprise 1971 Loose, Reprise 1972 At Crooked Lake, Epic 1972 Crazy Moon, Capitol 1978 Left for Dead, Capitol 1989 Gone Dead Train: The Best of Crazy Horse 1971-1989, Raven 2005 Scratchy: The Complete Reprise Recordings, Rhino Handmade 2005

Neil Young og Crazy Horse Everybody Knows This Is Nowhere (1969) After The Gold Rush (1970) - «Oh Lonesome Me», «When You Dance I Can Really Love» og «I Believe In You». Tonight's the Night (1975) - «Come On Baby Let's Go Downtown» Zuma (1975) American Stars 'n Bars (1977) Comes a Time (1978) - «Look Out For My Love» og «Lotta Love» Rust Never Sleeps (1979) Live Rust (live, 1979) Re•ac•tor (1981) Trans (1982) Life (1987) Ragged Glory (1990) Weld (live, 1991) Arc (live, 1991) Sleeps with Angels (1994) The Complex Sessions (EP, 1995, berre promo) Broken Arrow (1996) Year of the Horse (live, 1997) Are You Passionate? (2002) - "Goin' Home" Greendale (2003) Live at the Fillmore East (live 1970) Americana (2012) Psychedelic Pill (2012)

Neil Young og Crazy Horse på film og video Rust Never Sleeps (1979) Weld (1991) Sleeps With Angels (ca 1995, berre promo) The Complex Sessions (1995) Year of the Horse (1997) Greendale (2004) Be The Rain (2004, promo only) Farm Aid 2003: A Soundstage Special Event (c. 2004)

Billy Talbot solo Alive In The Spirit World (2004)

Andre samarbeid She Used to Wanna Be a Ballerina, Buffy Sainte-Marie, Vanguard, 1971 Head like a Rock, Ian McNabb, 1994 (on four songs only og without Frank Sampedro)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Crazy Horse (band)» frå , den 23. oktober 2010. oppgav desse kjeldene: McDonough, Jimmy. Shakey: Neil Young's Biography (first Anchor Books edition, 2003)

Denne artikkelen bygger på «Crazy Horse (band)» frå , den 23. oktober 2010.

Kategori:USA-amerikanske rockegrupper Kategori:Neil Young