Frederik Meyn () var ein dansk-norsk offiser og næringsdrivar.

Meyn var frå København, der far hans var arkitekt. Han vart offiser i 1807 etter utdanning i heimbyen København. År 1811 vart han forflytta til 15. kompani i Christiania og Noreg. Under krigen i 1814 kommanderte han ein artilleridivisjon i eigenskap av premierløytnant, forfremja til artillerikaptein i 1819. Frå 1842 var han oberstløytnant og felttymeister, 1853 oberst.

Då Poul Steenstrup døydde i 1824 vart Meyn beordra til å styre Kongsberg Våpenfabrikk. Ved kongeleg resolusjon av 11. september 1839 vart Meyn tilsett som direktør ved Kongsberg sølvverk, ei stilling han hadde livet ut.

Mey representerte Kongsberg på Stortinget i 1839. Han var riddar av St. Olavs orden, riddar av Dannebrogordenen og riddar av Sverdordenen.

Han døydde i Christiania i 1853.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordmenn av dansk opphav Kategori:Folk frå København Kategori:Folk frå Kongsberg