Hans Majestet Kongens Garde (HMKG) er livgarden til kongen i Noreg. Garden står vakt ved dei kongelege residensane (Slottet, Skaugum gård, Bygdøy Kongsgård) og Akershus festning, og i tillegg held dei vakt for Huseby leir, der dei har standkvarter. Utanom kvarteret i Huseby-leiren (som ligg på Hovseter i Oslo), har dei òg eit rekruttkompani som held til på Terningmoen leir i Elverum.
Organisasjon HMKG er den norske Hærens største bataljon med over 1000 soldatar. Bataljonen er organisert som ein infanteribataljon med sju kompani (fargane nedanfor er symboliserer kompanistripa):
Bataljonstab Bataljonstaben består av bataljonssjef (gardesjef), som no er oberstløytnant Ole Anders Øie, NK Garde, og deira næraste stab, som er organisert likt som andre norske bataljonar. KP1 Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 2 og 4). KP2 Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 1 og 4). KP3 HMKGs musikk- signal- og drillkompani. Denne avdelinga låg før som ein del av kp. 5, men vart frå sumaren 2003 omdøypt til 3. Gardekompani og tok i bruk den blå kompanistripa. Kompaniet består av Musikk, Signal- og Drilltroppen, samt kompanistab. Musikk og signal har direkteinnrykk til tenesta, medan Drilltroppen vert plukka ut blant søkjarar på Gardens rekruttskule på Terningmoen. . KP4 Gevær-/vaktkompani. Består av kompanistab, to geværtroppar, ein eskortetropp og ein jegertropp (likt som Kp. 1 og 2). KP5 Stab- og støttekompani. Består av kompanistab, logistikktropp, vedlikehaldstropp, sanitetstropp og kommandoplasstropp. Kompaniet sørgjer for at driften av heile bataljonen går sin gong på garnison og i felt. Kompaniet vart av den gamle kompanisjefen omtalt som «Kongens yndlingskompani». KP6 Gardens rekruttavdeling, Gardeskulen er lokalisert på Terningmoen (Elverum). Alle som blir kalla inn i HMKG, med unntak av Musikktroppen i 3. Gardekompani, vert sende hit på rekruttskule i ca 3 månader, før dei vert stasjonerte på Huseby leir. Musikktroppen gjennomførar derimot rekruttperioden på Huseby Leir. KP7 Gardens GBU-avdeling (befalsskule). Frå august 2009 er befalsutdanninga ved HMKG trekt ut som eit eige kompani. Elevane her er eitt år i utdanning og eit pliktår i eit av dei andre nemnte kompania.
Kategori:Det norske forsvaret Kategori:Skipingar i 1856