Johannes Vilhelm Jensen () var ein dansk forfattar, omsetjar og nobelprisvinnar. Han skreiv dikt, artiklar, noveller og romanar.

Livsskildring

Jensen blei fødd i landsbyen Farsø på Nord-Jylland. Far hans var distriktsveterinær, og Jensen tok fatt på ei utdanning som medisinar, men skreiv og utgav stykke allereie då. Han valde livet som skribent, men brukte mykje av det han hadde lært om naturvitskap i forfattarskapen sin.

Jensen livnærte seg lenge som frilansjournalist for fleire aviser, der han skreiv artiklar og kronikkar. Han skreiv òg føljetongar under løyndenamnet Ivar Lykke i tidsrommet 1895-98 for å klara seg. Han debuterte under sitt eige namn i 1896 med romanen Danskere, som har visse sjølvbiografiske trekk. Jensen gifta seg i 1904 Else Marie Ulrik, og dei fekk tre søner.

Forfattaren drog ut i verda, ofte som korrespondent, og tok med seg mange nye impulsar. Han reiste først rundt i Europa, mellom anna på lange opphald i Noreg, og seinare til USA og Asia. Verdsutstillinga i Paris i 1900 overvelda han med sine nye maskinar og teknikkar, og han trudde fast på framstega i verda gjennom teknologien.

Han døydde i København i 1950 og er gravlagd på Bispebjerg kyrkjegard.

Interesser Eitt av hovudemna hans var evolusjonsteorien og darwinismen, som han meinte var blitt forvrengd av nazistane og liknande. Han vidareutvikla sin eigen teori om evolusjonen i ein serie på seks romanar, Den lange rejse, som kom ut mellom 1908 og 1922.

Han var òg interessert i folkelitteratur, og gav ut fleire verk der han brukte eventyr og legender frå heimstaden. Heimen hans var hovudsakleg anti-religiøs, men både faren og søstera var tiltrukne av spiritismen, noko som òg gav forfattaren stoff til bøker.

Jensen fornya fleire sjangrar i dansk litteratur. Prosadikta hans, inspirerte av engelsk diktkunst, innleia dansk modernisme. Han introduserte kortprosaforma, som han brukte i ellevebindsverket Myter. Essaya hans om evolusjon og antropologi var ei blanding av sakprosa og ordkunst.

Dei islandske sogene var òg interessante for forfattaren. Han omsette fleire av dei til dansk, og skreiv ein studie om kvinna i sagatida som kom ut i 1942.

Utmerkingar I 1944 fekk Jensen Nobelprisen i litteratur, i følgje tildelarane for den fruktbare fantasien sin, nyfikenheiten og den friske kreative stilen sin.

I 1999 blei romanen hans Kongens Fald kåra til den beste boka frå det 20. hundreåret av lesarane til Politiken og Berlingske Tidende.

Verkliste

Sakprosa

Den gotiske Renaissance, dokumentar, 1901 Skovene, reiseskildring, 1904 Den ny Verden, dokumentar, 1907 Nordisk Aand, kulturkritikk, 1911 Rudyard Kipling, personskildring, 1912 Introduktion til Vor Tidsalder, dokumentar, 1915 Johannes Larsen og hans Billeder, personskildring, 1920 Æstetik og Udvikling, essay, 1923 Evolution og Moral, kulturkritikk, 1925 Thorvaldsens Portrætbuster, personskildring, 1926 Nordvejen, reiseskildring, 1927 Dyrenes Forvandling, essay, 1927 Aandens Stadier, essay, 1928 Retninger i Tiden, kulturkritikk, 1930 Form og Sjæl, personskildring, 1931 Fra Fristaterne, reiseskildring, 1934 Det Blivende, essay, 1934 Jyske Folkelivsmalere, personskildring, 1937 Thorvaldsen. Haandværkeren og Manden, personskildring, 1938 Mindets Tavle, personskildring, 1941 Vor Oprindelse, essay, 1941 Kvinden i Sagatiden, personskildring, 1942 Tilblivelsen (revidert utgåve av Dyrenes Forvandling), 1950

Skjønnlitteratur

Danskere, roman, 1896 Einar Elkær, roman, 1898 Himmerlandsfolk, forteljingar, 1898 Intermezzo, noveller, 1899 Kongens Fald, roman, 1901 Nye Himmerlandshistorier, forteljingar, 1904 Madame D’Ora, roman, 1904 Hjulet, roman, 1905 Digte 1906, dikt, 1906 Myter og Jagter, myter, 1907 Bræen, (Den lange Rejse) 1908 Himmerlandshistorier. Tredje Samling, forteljingar, 1910 Myter. Ny Samling, myter, 1910 Nye Myter, myter, 1910 Skibet, (Den lange Rejse) 1912 Myter. Fjerde Samling, myter, 1912 Eksotiske Noveller, noveller, 1915 I Det indiske Ocean, myter, 1916 Norne-Gæst, (Den lange Rejse) 1919 Det tabte Land, (Den lange Rejse) 1919 Christofer Columbus, (Den lange Rejse) 1921 Cimbrernes Tog, (Den lange Rejse) 1923 Aarets Højtider, dikt, 1925 Verdens Lys, dikt, 1926 Ved Livets Bred, myter, 1928 Den jyske Blæst, dikt, 1931 Pisangen, myter, 1932 Kornmarken, myter, 1932 Sælernes Ø, myter, 1933 Dr. Renaults Fristelser, roman, 1935 Gudrun, roman, 1936 Paaskebadet, dikt, 1937 Mariehønen, myter, 1940 Møllen, myter, 1944

Kategori:Danske forfattarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Danske nobelprisvinnarar Kategori:Statens Kunstfonds hædersydelse Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen