Vurnon Anita () er ein nederlandsk fotballspelar, opphavleg frå Curaçao, som har spela for Ajax i nederlandsk Eredivisie. Han har òg landskampar for Nederland.

Anita flytta til Nederland med familien sin då han berre var åtte månader gammal, men flytta attende til Curaçao som seksåring. I 1997 flytta han igjen til Nederland med familien og begynte å spela for Ajax i 2005. Han debuterte for Nederland sitt A-landslag 26. mai 2010 i ein vennskapskamp mot Mexico. Den første landskampen i ein teljande konkurranse fekk han 7. september 2010, då han spelte frå start i ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Finland.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Fotballspelarar frå Curaçao Kategori:Ajax-spelarar