mini|Daft Punk Daft Punk (1993-2021) var ein fransk duo som laga elektronisk musikk.
Thomas Bangalter (fødd 3. januar 1975) og Guy-Manuel de Homem-Christo (fødd Guillaume Emmanuel Paul de Homem-Christo 8. februar 1974) skipa gruppa i 1993. Dei to DJ-ane frå Paris gav ut tre EP-ar før dei i 1997 gav ut det kritikarroste albumet Homework. Dette albumet gjorde sitt til at fransk house vart sett på musikkartet og grupper som Cassius, Phoenix og Air følgde i kjølvatnet.
I 2001 kom oppfølgjaralbumet Discovery som også vart godt motteke av den internasjonale musikkpressa.
Lydbildet til gruppa er karakterisert som ei dansegolv-orientert blanding av progressiv house, electrofunk og med innslag av hip-hop og nærmast ein overflod av samples.
Daft Punk skal ha opna dørene for french touch (sjangeren), french house og french electonica.
Utgjevingar Homework (1996) Alive 1997 (2001) Discovery (2001) Daft Club (Remix LP) (2003) Human After All (2005) Musique Vol.1 - 1993-2005 (2006) Human After All Remixes (berre gitt ut i Japan) (2006) Alive 2007 (2007)
D.A.F.T. - A Story about Dogs, Androids, Firemen and Tomatoes (DVD/VHS, 1999) Interstella 5555 (Movie, DVD, 2003) Daft Punk's Electroma (DVD, 2006)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1993