Vevarar, Ploceidae, er ein artsrik familie i ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Familien omfattar ca. 116 artar i 16 slekter. Vevarar har fått namn etter det kunstferdig vove reiret dei byggjer, jamvel om nokre artar er kjente for selektivt parasittiske hekkevanar.

mini|høgre|Bayavevar, Ploceus philippinus hannfugl i Hyderabad, India. mini|høgre|Reir åt bayavevarar mini|høgre|Reirkoloni av landsbyvevarar, Ploceus cucullatus i Gambia mini|høgre|Akasievevar, Ploceus spekei Serengeti, Tanzania mini|høgre|Skogvevar, Ploceus bicolor mini|høgre|Svarthettebisp, Euplectes franciscanus Dei fleste artane lever i skogshabitat, krattskog og ope grasland i Afrika sør for Sahara. Berre nokre få artar lever og hekkar i tropiske område i Asia og dessutan i Australia. Mange artar av vevarar følgjer og lever nær menneske. Dette er frøetande fuglar med avrunda koniske nebb. Kroppslengda er mellom 8 og 24 centimeter. Hannane av mange artar er fargerike, vanlegvis i raudt eller gult og svart, nokre artar viser variasjon i farge berre i hekkesesongen. Dei er selskapelege fuglar som ofte hekkar koloniar, gjerne nær vassførekomstar. Fuglane byggjer reiret saman for vern, ofte fleire i ei grein. Vanlegvis er det hannfuglane som vev reiret og brukar det for å imponere potensielle makar.

Reira varierer i storleik, form, i materialar som blir brukte, og byggeteknikkar varierer frå art til art. Materialar som blir brukte for å byggje reir inkluderer fine bladfibrar, gras og kvistar. Mange artar vev særs fint med tynne trådar av blad fiber, sjølv om nokre, som bøffelvevarar, formar koloniar av massive, uryddige reir laga av trepinnar. Slike konstruksjonar kan ha sfærisk vove reir innanfor den ytre veggen. Dei afrikanske vevarartane i Plocepasser byggjer «blokkhusvære», der kvart av 100-300 par har sitt separate kolbeforma kammer med inngang frå undersida. Dei fleste artene vev reir med tronge, nedovervendte inngangar. Somme vevarartar kan ha dei mest forseggjorte av alle fuglereir.

Vevarar kan gjere skade på avlingar, spesielt blodnebbvevar som har vore rekna å vere kanskje verdas mest talrike fugleart.

Artar Vevarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Bubalornis Kvitnebbøffelvevar, Bubalornis albirostris, White-billed Buffalo-Weaver, LC, Vieillot, 1817 Raudnebbøffelvevar, Bubalornis niger, Red-billed Buffalo-Weaver, LC, Smith, 1936

Slekt Dinemellia Kvithovudvevar, Dinemellia dinemelli, White-headed Buffalo-Weaver, LC, Rüppell, 1845

Slekt Sporopipes Rustnakkevevar, Sporopipes frontalis, Speckle-fronted Weaver, LC, Daudin, 1802 Skjeggvevar, Sporopipes squamifrons, Scaly Weaver, LC, Smith, 1836

Slekt Plocepasser Kvitbrynvevar, Plocepasser mahali, White-browed Sparrow-Weaver, LC, Smith, 1836 Rustkronevevar, Plocepasser superciliosus, Chestnut-crowned Sparrow-Weaver, LC, Cretzschmar, 1827 Brunryggvevar, Plocepasser rufoscapulatus, Chestnut-backed Sparrow-Weaver, LC, Büttikofer, 1888 Gråvevar, Plocepasser donaldsoni, Donaldson-Smith's Sparrow-Weaver, LC, Sharpe, 1895

Slekt Histurgops Raudhalevevar, Histurgops ruficauda, Rufous-tailed Weaver

Slekt Pseudonigrita Gråkronevevar, Pseudonigrita arnaudi, Gray-headed Social-Weaver, LC, Bonaparte, 1851 Svarthettevevar, Pseudonigrita cabanisi, Black-capped Social-Weaver, LC, Fischer & Reichenow, 1884

Slekt Philetairus Blokkvevar, Philetairus socius, Social Weaver, LC, Latham, 1790

Slekt Malimbus Raudkronevevar, Malimbus coronatus, Red-crowned Malimbe, LC, Sharpe, 1906 Kongovevar, Malimbus cassini, Black-throated Malimbe, LC, Elliot, 1859 Liberiavevar, Malimbus ballmanni, Ballman's Malimbe, EN, Wolters, 1974 Gulbrystvevar, Malimbus racheliae, Rachel's Malimbe, LC, Cassin, 1857 Raudgumpvevar, Malimbus scutatus, Red-vented Malimbe, LC, Cassin, 1849 Ibadanvevar, Malimbus ibadanensis, Ibadan Malimbe, EN, Elgood, 1958 Raudbukvevar, Malimbus erythrogaster, Red-bellied Malimbe, LC, Reichenow, 1893 Raudbrystvevar, Malimbus nitens, Gray's Malimbe, LC, Gray, 1831 Toppvevar, Malimbus malimbicus, Crested Malimbe, LC, Daudin, 1802 Raudnakkevevar, Malimbus rubricollis, Red-headed Malimbe, LC, Swainson, 1838

Slekt Anaplectes Raudhovudvevar, Anaplectes rubriceps, Red-headed Weaver, LC, Sundevall, 1850

Slekt Ploceus meir enn 60 artar av vevarar

Slekt Pachyphantes Kompaktvevar, Pachyphantes superciliosus, Compact Weaver

Slekt Quelea Kardinalvevar, Quelea cardinalis, Cardinal Quelea, LC, Hartlaub, 1880 Raudhettevevar, Quelea erythrops, Red-headed Quelea, LC, Hartlaub, 1848 Blodnebbvevar, Quelea quelea, Red-billed Quelea, LC, Linné, 1758

Slekt Brachycope Korthalevevar, Brachycope anomala, Bob-tailed Weaver, LC, Reichenow, 1887

Slekt Foudia Raudvevar, Foudia madagascariensis, Red Fody, LC, Linné, 1766 Komorvevar, Foudia eminentissima, Red-headed Fody, LC, Bonaparte, 1851 Tanalavevar, Foudia omissa, Forest Fody, LC, Rothschild, 1912 Mauritiusvevar, Foudia rubra, Mauritius Fody, EN, Gmelin, 1789 Seychellvevar, Foudia sechellarum, Seychelles Fody, NT, Newton, 1865 Rodriguesvevar, Foudia flavicans, Rodrigues Fody, VU, Newton, 1865

Slekt Euplectes Svarthettebisp, Euplectes franciscanus, Orange Bishop, LC, Isert, 1789 Raudbisp, Euplectes orix, Red Bishop, LC, Linné, 1758 Svartbrystbisp, Euplectes nigroventris, Zanzibar Bishop, LC, Cassin, 1848 Svartvengbisp, Euplectes hordeaceus, Black-winged Bishop, LC, Linné, 1758 Eldkragebisp, Euplectes gierowii, Black Bishop, LC, Cabanis, 1880 Gulkronebisp, Euplectes afer, Yellow-crowned Bishop, LC, Gmelin, 1789 Diadembisp, Euplectes diadematus, Fire-fronted Bishop, LC, Fischer & Reichenow, 1878 Gullryggbisp, Euplectes aureus, Golden-backed Bishop, LC, Gmelin, 1789 Gulgumpbisp, Euplectes capensis, Yellow Bishop, LC, Linné, 1766 Kvitvengvevar, Euplectes albonotatus, White-winged Widowbird, LC, Cassin, 1848 Gulkappevevar, Euplectes macroura, Yellow-shouldered Widowbird, LC, Gmelin, 1789 Raudkragevevar, Euplectes ardens, Red-collared Widowbird, LC, Boddaert, 1783 Raudvengvevar, Euplectes axillaris, Fan-tailed Widowbird, LC, Smith, 1838 Myrvevar, Euplectes hartlaubi, Marsh Widowbird, LC, Barboza du Bocage, 1878 Svansvevar, Euplectes psammocromius, Buff-shouldered Widowbird, LC, Reichenow, 1900 Dragevevar, Euplectes progne, Long-tailed Widowbird, LC, Boddaert, 1783 Heksevevar, Euplectes jacksoni, Jackson's Widowbird, NT, Sharpe, 1891

Slekt Amblyospiza Tjukknebbvevar, Amblyospiza albifrons, Grosbeak Weaver, LC, Vigors, 1831

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ploceidae» frå , og på «Webervögel» frå den 3. oktober 2010

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sporvefuglar