Eli Rygg () var ein norsk barnepleiar, forfattar, songar og underhaldar. Ho vart landskjend som programleiar i barne-TV-programmet Portveien 2, saman med Jarl Goli og (seinare) Terje Strømdahl. Programma vart sende på NRK på 1980-talet. Sidan arbeidde ho mellom anna med frokost-TV og barneradio, vore omreisande eventyrfortellar og medverka på ei rekke barneplater.
Liv og virke Eli Rygg var fødd og voks opp på Veblungsnes, ikkje langt frå Åndalsnes, i Møre og Romsdal. Som 12-åring flytta ho med familien til Levanger. Ho gjekk på folkehøgskole i Skogn og på Inderøy. Ho vart tenåringsmor til ei dotter i 1973, og studerte barnepleie på Skatval og arbeidde deretter på Stjørdal. Ho budde på Son og hadde tre barn: to jenter og ein gut. Hennar bakgrunn førte til at ho var særleg opptatt av barnevern og at ho skreiv barnebøker.
Eli Rygg debuterte som barnebokforfattar i 1998.
Radio og TV I 1985 flytta ho til Oslo for å vere med på Portveien 2 på Barne-TV på NRK. Ho var seinare med i Teodors julekalender og Frokost-TV på NRK1, Barn ingen hindring på NRK2 og radioprogrammet Revehiet på P4 Radio Hele Norge.
I 1987 var ho kåra til Årets TV-Navn av Se og Hør.
Forfattar Ho skreiv fleire barnebøkerList of publications i BIBSYS og las opp eventyr med stønad frå Rikskonsertane. Ho skreiv barnebøkene Hvor gammel blir en bølge? frå 2001, som handla om sorg og om å døy ung, og Jeg sa ikke kom inn frå 2005 som er ei bok om seksuelle overgrep mot barn. Ho var dessutan spaltist i A-pressen si barneside «Barnekroken» i fleire år. Spalta blei trykt i 27 aviser.
Bibliografi i utval 2001: Hvor gammel blir en bølge? 2005: Jeg sa ikke kom inn, Gyldendal. ISBN 978-82-05-34582-9 2007: Koppen med skår i - En bok om skilsmisse, Gyldendal. ISBN 978-82-05-37449-2 2015: Jeg vet at man kan bli helt glad igjen
Diskografi Velkommen til Portveien (1985), med Jarl Goli Glade jul (1985) Norske folkeeventyr (1986) Flere sanger fra Portveien (1986), med Jarl Goli Bli med til Portveien (1987), med Terje Strømdahl Gi barn syn – Portveiens beste (1988), med Terje Strømdahl & Jarl Goli Jul i Portveien med Eli og Terje (1988), med Terje Strømdahl Ballongen som fløy (1989) med tekster av André Bjerke Karry Kalkun & frokostfrakken (1989) Julestri og adventstid hos Eli og Teodor (1991), med Teodor Rødfargen som forsvant (1994), med Anders Rogg Eli Rygg leser Peter & ulven og Tubaen Tobby (1997) Julestemning med Eli Rygg (2000)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Intervju i Sinn & Samfunn 2005
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske radionamn Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Folk frå Rauma Kategori:Programleiarar for NRK