Hellbillies er ei countryrockgruppe frå Ål i Hallingdal som blei danna i 1990, og som sidan starten har hatt stor suksess. Dei har gitt ut ei rekke plater som alle har selt svært bra.

Tekstane er skrivne på nynorsknært hallingmål, og dei er om alt frå kvardagslege og jordnære ting til djupare stoff, til dømes samfunnskritikk. Dei har au samarbeidd med musikarar frå USA: Rob Hajacos frå Nashville, som spelar fele på dei fleste platene av Garth Brooks, spelar au fele på tre av platene til Hellbillies. Han har au vore to gonger i Noreg for å halde konsertar og spela inn plater saman med Hellbillies.

I 2002 vart vart Hellbillies tildelt Alf Prøysens Ærespris.

Bandet blei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2007 og vann i tillegg klassen country for albumet Spissrotgang. I 2008 vann dei Gammleng-prisen i klassen rock/roots.

Hellbillies er eit svært aktivt turneband, og spelar over heile landet.

Medlemer Aslag Haugen - vokalist, gitarist Lars Håvard Haugen - lead-gitarist, vokalist Bjørn Gunnar Sando - trommer Egil Stemkens - bass (2016-idag) Arne Henry Sandum - bass (1990-2016) Arne Moslåtten - trekkspel, fløyte, gitar, perkusjon, tekstforfatter (1990-2013) Lars Christian Narum - piano, orgel (2003-idag) Trond Nagell Dahl - (Innleid mellom 2000 og 2003)

Diskografi

Sylvspente boots – 1992 Pela stein – 1993 Fekk Spellemannsprisen for beste «roots»-plate i 1993. Spela inn i Crazy Mama's Studio, Nashville. Lakafant – 1995 Drag – 1996 Innspela i Nashville. LIVe LAGA – 1997 Spela inn live på Down on the farm-festivalen i Østfold. Sol over livet – 1999 Studioalbum. Urban Twang – 2001 Selde i over 30 000 eksemplar den fyrste månaden, noko som kvalifiserte til gullplate. Spela inn i Hit Shack Studio i Austin, Texas med Stephen Bruton som produsent. CoolTur – 2002 Niende – 2004 Røta – 2006 Samling med Hellbillies beste - live frå Rockefeller - seksarterning i VG Spissrotgang – 2007 Var på topp på VG-lista i veke 43 og 44 i 2007, for fyrste gongen i historia til bandet. Arne Moslåtten vann Edvard-prisen for plata. Leite etter lykka – 2010 Tretten – 2012 Seven Bridges Crossed – 2013 Engelsk utgåve av Tretten LEVANDE LIVe – 2014 Konsertplate Søvnlaus – 2016 I eksil på Sundrehall – 2020 EP Blå dag – 2021

Kjende songar Ei krasafaren steinbu Hallo Telenor På Ål stasjon Mørkemann

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettstaden til gruppa Hellbillies på YouTube Hellbillies på Spotify

Kategori:Norske rockegrupper Kategori:Ål kommune Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Hellbillies Kategori:Musikkgrupper skipa i 1990 Kategori:Vinnarar av Alf Prøysens Ærespris