Treløparar, Dendrocolaptinae, utgjer ein biologisk underfamilie av sporvefuglar endemiske for den neotropiske regionen. Dei har tradisjonelt vore sett på som ein distinkt familie Dendrocolaptidae, men dei fleste autoritetar vil no plassere dei som ein underfamilie av omnfuglar, Furnariidae. Overflatisk liknar dei trekryparar i «den gamle verda», men dei er urelaterte og likskapane skuldast konvergerande evolusjon. Denne underfamilien inneheld rundt 57 artar i 15-20 slekter.

Treløparar varierer mellom 14 og 35 centimeter i lengd. Generelt er dei brunaktige fuglar, treløparar held seg i ei oppreist vertikal stilling på trestammen, støtta av den stive halen sin.

Dei lever hovudsakleg av insekt som dei plukkar frå trestammar. Men treløparar er ofte ein del av kjernegruppa i sentrum av flokkar som møter maursvermar. Treløparar lever i tre og hekkar i holrom; dei legg 2-3 kvite egg som blir ruga i ca. 15 til 21 dagar.

Desse fuglane kan vere vanskeleg å identifisere ved at alle artar har ein tendens til å ha liknande brun overside. Den meir karakteristiske undersida er vanskeleg å sjå på ein fugl som trykker ned mot ein trestamme i skugge. Form og lengd på nebbet, utsjånad av flekker og striper, samt lydytringar, er nyttige hjelpemiddel for å bestemme arten.

mini|venstre|Småtreløpar, Xiphorhynchus fuscus mini|venstre|Elfenbeinstreløpar, Xiphorhynchus flavigaster mini|høgre|Dendrocincla turdina, eng: Plain-winged Woodcreeper mini|venstre|Kakaotreløpar, Xiphorhynchus susurrans mini|høgre|Kilenebbtreløpar, Glyphorynchus spirurus mini|høgre|Langnebbtreløpar, Nasica longirostris mini|høgre|Stortreløpar, Xiphocolaptes major mini|høgre|Brunbukmeiskrypar, Xenops minutus

__NOTOC__ Artsliste Treløparar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Certhiasomus Flekkstrupetreløpar, Certhiasomus stictolaemus, Spot-throated Woodcreeper, Pelzeln, 1868, (LC)

Slekt Sittasomus Gråhovudtreløpar, Sittasomus griseicapillus, Olivaceous Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Deconychura Langhaletreløpar, Deconychura longicauda, Long-tailed Woodcreeper, Pelzeln, 1868, (LC)

Slekt Dendrocincla Tyranntreløpar, Dendrocincla tyrannina, Tyrannine Woodcreeper, Lafresnaye, 1851, (LC) Kvithaketreløpar, Dendrocincla merula, White-chinned Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC) Rusttreløpar, Dendrocincla homochroa, Ruddy Woodcreeper, Sclater, PL, 1860, (LC) Okervengtreløpar, Dendrocincla anabatina, Tawny-winged Woodcreeper, Sclater, PL, 1859, (LC) Sepiatreløpar, Dendrocincla fuliginosa, Plain-brown Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC) Trastetreløpar, Dendrocincla turdina, Plain-winged Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC)

Slekt Glyphorynchus Kilenebbtreløpar, Glyphorynchus spirurus, Wedge-billed Woodcreeper, Vieillot, 1819, (LC)

Slekt Dendrexetastes Bleiknebbtreløpar, Dendrexetastes rufigula, Cinnamon-throated Woodcreeper, Lesson, R, 1844, (LC)

Slekt Nasica Langnebbtreløpar, Nasica longirostris, Long-billed Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Dendrocolaptes Nordvatretreløpar, Dendrocolaptes sanctithomae, Northern Barred-Woodcreeper, Lafresnaye, 1852, (LC) Amazonvatretreløpar, Dendrocolaptes certhia, Amazonian Barred-Woodcreeper, Boddaert, 1783, (LC) Strekbuktreløpar, Dendrocolaptes picumnus, Black-banded Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC) Rustkronetreløpar, Dendrocolaptes hoffmannsi, Hoffmanns's Woodcreeper, Hellmayr, 1909, (VU) Planaltotreløpar, Dendrocolaptes platyrostris, Planalto Woodcreeper, von Spix, 1824, (LC)

Slekt Hylexetastes Vatrebuktreløpar, Hylexetastes stresemanni, Bar-bellied Woodcreeper, Snethlage, E, 1925, (LC) Raudnebbtreløpar, Hylexetastes perrotii, Red-billed Woodcreeper, Lafresnaye, 1844, (LC)

Slekt Xiphocolaptes Meiseltreløpar, Xiphocolaptes promeropirhynchus, Strong-billed Woodcreeper, Lesson, R, 1840, (LC) Caatingatreløpar, Xiphocolaptes falcirostris, Moustached Woodcreeper, von Spix, 1824, (VU) Kvitstrupetreløpar, Xiphocolaptes albicollis, White-throated Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC) Stortreløpar, Xiphocolaptes major, Great Rufous Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Xiphorhynchus Stripetreløpar, Xiphorhynchus obsoletus, Striped Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC) Småtreløpar, Xiphorhynchus fuscus, Lesser Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC) Guyanatreløpar, Xiphorhynchus pardalotus, Chestnut-rumped Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC) Dråpetreløpar, Xiphorhynchus ocellatus, Ocellated Woodcreeper, von Spix, 1824, (LC) Selvastreløpar, Xiphorhynchus elegans, Elegant Woodcreeper, Pelzeln, 1868, (LC) Plettreløpar, Xiphorhynchus spixii, Spix's Woodcreeper, Lesson, R, 1830, (LC) Kakaotreløpar, Xiphorhynchus susurrans, Cocoa Woodcreeper, Jardine, 1847, (LC) Kremstrupetreløpar, Xiphorhynchus guttatus, Buff-throated Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC) Elfenbeinstreløpar, Xiphorhynchus flavigaster, Ivory-billed Woodcreeper, Swainson, 1827, (LC) Perletreløpar, Xiphorhynchus lachrymosus, Black-striped Woodcreeper, Lawrence, 1862, (LC) Flekktreløpar, Xiphorhynchus erythropygius, Spotted Woodcreeper, Sclater, PL, 1860, (LC) Olivenryggtreløpar, Xiphorhynchus triangularis, Olive-backed Woodcreeper, Lafresnaye, 1842, (LC)

Slekt Dendroplex Sylnebbtreløpar, Dendroplex picus, Straight-billed Woodcreeper, Gmelin, JF, 1788, (LC) Varzeatreløpar, Dendroplex kienerii, Zimmer's Woodcreeper, Des Murs, 1856, (NT)

Slekt Campylorhamphus Raudbogetreløpar, Campylorhamphus trochilirostris, Red-billed Scythebill, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC) Svartbogetreløpar, Campylorhamphus falcularius, Black-billed Scythebill, Vieillot, 1822, (LC) Amazonbogetreløpar, Campylorhamphus procurvoides, Curve-billed Scythebill, Lafresnaye, 1850, (LC) Brunbogetreløpar, Campylorhamphus pusillus, Brown-billed Scythebill, Sclater, PL, 1860, (LC)

Slekt Drymotoxeres Storbogetreløpar, Drymotoxeres pucheranii, Greater Scythebill, Lafresnaye, 1849, (NT)

Slekt Drymornis Sabeltreløpar, Drymornis bridgesii, Scimitar-billed Woodcreeper, Eyton, 1849, (LC)

Slekt Lepidocolaptes Stripehovudtreløpar, Lepidocolaptes souleyetii, Streak-headed Woodcreeper, Lafresnaye, 1849, (LC) Kvitbryntreløpar, Lepidocolaptes angustirostris, Narrow-billed Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC) Marmortreløpar, Lepidocolaptes leucogaster, White-striped Woodcreeper, Swainson, 1827, (LC) Prikkronetreløpar, Lepidocolaptes affinis, Spot-crowned Woodcreeper, Lafresnaye, 1839, (LC) Tåretreløpar, Lepidocolaptes lacrymiger, Montane Woodcreeper, Lafresnaye, 1849, (LC) Skjeltreløpar, Lepidocolaptes squamatus, Scaled Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1822, (LC) Paranátreløpar, Lepidocolaptes falcinellus, Scalloped Woodcreeper, Cabanis & Heine, 1860, (LC) Duidatreløpar, Lepidocolaptes duidae, Duida Woodcreeper, Zimmer, JT, 1934, (LC) Linjetreløpar, Lepidocolaptes albolineatus, Guianan Woodcreeper, Lafresnaye, 1846, (LC) Inambaritreløpar, Lepidocolaptes fatimalimae, Inambari Woodcreeper, Rodrigues, Aleixo, Whittaker & Naka, 2013, (LC) Rondoniatreløpar, Lepidocolaptes fuscicapillus, Rondonia Woodcreeper, Pelzeln, 1868, (LC) Parátreløpar, Lepidocolaptes layardi, Layard's WoodcreeperSclater, PL, 1873

Slekt Xenops Smalnebbmeiskrypar, Xenops tenuirostris, Slender-billed Xenops, Pelzeln, 1859, (LC) Brunbukmeiskrypar, Xenops minutus, Plain Xenops, Sparrman, 1788, (LC) Stripemeiskrypar, Xenops rutilans, Streaked Xenops, Temminck, 1821, (LC)

Andre liknande fuglar

Ikkje-nærskylde fuglar som liknar treløparar i utsjånad og eller levevis er: Borkkryparar, Climacteridae, i Australia og på Ny-Guinea Treklatrarar, Rhabdornithidae, på Filippinane Trekryparar, Certhiidae, på den nordlege halvkula og ein art dels i Afrika sør for Sahara

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Woodcreeper» frå , den 26. september 2010

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar av treløparar hos Internet Bird Collection

Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen