502 (romartal DII) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen. I Romarriket var det kjent som året då Avienus og Probus var konsular (eller sjeldnare, år 1255 ab urbe condita).
Hendingar 23. oktober: Synodus Palmaris, som var kalla saman av den gotiske kongen Theoderik den store, frikjende Symmachus frå alle anklager og skismet med motpaven Laurentius enda.
Kina Liang-dynastiet blei grunnlagt av Xiao Yan, som hærtok Jiankang (seinare Nanjing). Den 14 år gamle keisar He av Sørlege Qi blei avretta. Sørlege Qi-dynastiet enda. Nanhua-tempelet, søraust for Shaoguan, blei grunnlagt av den indiske munken Zhiyao Sanzang.
Fødde Amalarik, visigotisk konge (omtrentleg år)
Døde Keisar He av Sørlege Qi