Møre-Silda er ein sluk som opphavleg var produsert av Remen slukfabrikk i Måndalen i Romsdal. Truleg var sluken introdusert i 1955 ved oppstarten av fabrikken. Sluken var designa av Arnulf Remen i bygda Måndalen der slukfabrikken låg fram til 1997. I 1997 vart fabrikken seld og produksjonen flytta til Gjemnes på Nordmøre. I dag er produksjonen flytta til Asia og Remen slukfabrikk AS inngår som ein del av konsernet Rapala VMC.

Møre-Silda blir omtalt som Noregs mest selde skeisluk. Sluken har vore og er produsert i ei rekke variantar frå 6 gram og oppover til 55 gram. Opphavleg var dei produserte i koppar, sølv og messing med raud eller svart rygg. I dag er sluken å få i ei rekke nye variantar og blir marknadsført som Møresilda Classic, Holografisk, Nordlys, Ørret, Sjøørret og Laks.

I tillegg til Møre-Silda produserer Remen slukfabrikk Møreungen, Mørepilken og Atomsilda.

Kjelder

kategori:Rauma kommune Kategori:Fiskereiskapar Kategori:Sportsfiske