For den tidlegare kyrkja i Eidsberg, sjå Hen kyrkje i Eidsberg Hen kyrkje ligg sentralt i bygda Isfjorden i Rauma kommune.

Kyrkja vart bygd i 1831 av gråstein, tak-konstruksjonen og klokketårnet er av treverk. mini|venstre|Hen kyrkje, Isfjorden.

Kyrkja er bygd på den same plassen der ei eldre kyrkje stod før. Denne var i så dårleg tilstand at ho måtte rivast. Ei gammal kyrkjeklokke frå 1200-talet er bevart og er i dag på Romsdalsmuseet på Molde.

Interiøret Preikestolen som vert brukt i dag er frå 1930-åra.

Altertavla vart laga til kyrkja i 1831. Ein eldre preikestol, som ikkje er i bruk, er plassert midt i altertavla. Då kyrkja vart restaurert i 1931, måla Halvard Hatlen eitt nytt bilde i altertavla.

Elles finst det eit rosemåla skap frå 1788. Halvard Hatlen har måla seks portrett av tidlegare prestar. Desse heng langs langveggane. Han har òg måla et måleri (1942), som heng i koret.

Kjelde Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210 Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Rauma Kategori:Kyrkjer i Indre Romsdal prosti Kategori:Kulturminne i Rauma Kategori:Norske kyrkjer frå 1831 Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme