Murchison er eit oljefelt som i hovudsak ligg i blokk 211/19 på britisk kontinentalsokkel i Nordsjøen, men feltet strekkjer seg inn i blokk 33/9 på norsk kontinentalsokkel. Noreg sin del er fastsett til 22,2 prosent, medan Storbritannia sin del er fastsett til 77,8 prosent.
Feltet er bygd ut med ein oljeplattform med stålunderstell. Produksjonsstart var i september 1980.
Produksjon frå feltet går mot slutten, og produksjonen vil venteleg verta avslutta i 2014.
Bakgrunnsstoff Faktahefte Norsk Petroleumsverksemd 2013 UKCS field information: Murchison
Kategori:Britiske oljefelt Kategori:Norske oljefelt Kategori:Olje- og gassfelt i Nordsjøen