Knut Sigurdson Heier () var ein norsk geokjemikar og professor fødd i Bærum.
Heier tok cand.real. i 1954 og doktorgraden i 1960. I 1968 vart han professor i geokjemi ved Universitetet i Oslo. Han var direktør for Noregs geologiske undersøking frå 1974 til 1994, og frå 1979 var han òg professor i geologi ved Universitetet i Trondheim (no NTNU). Heier deltok i Apollo-prosjektet, der han gjorde analysar av steinprøvar frå månen.
Kjelder
Kategori:Norske geologiprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Folk frå Bærum