Beacons-reservoaret er det nordlegaste av tre reservoar i Taff Fawr-dalen i Sør-Wales. Det er eigd av Welsh Water og som namnet indikerer så ligg det i Brecon Beacons nasjonalpark i Powys og innanfor dei historiske grevskapsgrensene til Breconshire.

I periodar når vatnet står lågt er det mogeleg å sjå restar av langhus. Ein bygning som ligg oppfor Taff Fawr har fundament av massive vêrslitte steinheller. Det er òg gjort funn av flintreiskap. Det er derimot rekna som uforsvarleg å gå nær ruinane på grunn av faren for djup gjørme.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beacons Reservoir» frå , den 4. september 2010.

Bakgrunnsstoff www.geograph.co.uk: bilete av Beacons-reservoaret og omliggande område

Kategori:Reservoar i Wales Kategori:Innsjøar i Wales Kategori:Geografi i Powys