Loch Shiel (skotsk-gælisk Loch Seile) er ein 19,3 km² stor innsjø 20 km vest for Fort William i Lochaber i Highland i Skottland. Han er 28 km lang og 120 meter djup. Det djupaste området ligg i nordaust, omslutta av høge fjell, medan han er meir myrlendt og grunn i sørvest. Frå sørvest renn elva River Shiel ut i sjøen ved Loch Moidart nær Castle Tioram.
Loch Shiel må ikkje forvekslast med Glen Shiel, 40 km lenger nord i Skye and Lochalsh, der ein finn den lengre River Shiel og ein mykje mindre Loch Shiel.
Området er forholdsvis skogkledd samanlikna med mange andre område i Highland, så breidda av innsjøen har derfor status som eit særskild verneområde, Special Protection Area (SPA). Det er særleg viktig som hekkeplass for storlom. and the area surrounding the loch is also designated as an SPA due to the presence of breeding golden eagles.
Somme av scenane i Harry Potter og fangen fra Azkaban var filma i Loch Shiel.
Historie Ruinane av eit kapell står på den største øya i innsjøen, og det vert sagt at det var den første heimen til St. Finan, ein av lærarane til St. Columba. Acharacle, sør i innsjøen, var åstad for eit slag i 1140, leia av Somerled der han slo nordmennene og grunnla dynastiet Lord of the Isles.
Galleri
Kjelder
Sjå òg Glenfinnan Viaduct
Shiel Shiel Shiel