Ein yrkessjukdom er sjukdom som har oppstått som følgje av skadeleg påverknad frå arbeidsmiljøet. Uttrykket dekker derimot ikkje alle slike sjukdommar og skadar.

Utrykket yrkessjukdom er definert i norsk lov, og er mest å rekne som eit juridisk omgrep. Dersom sjukdommen er nemnt i forskrift om yrkessjukdommar, gjeve i medhald av § 13-4 folketrygdloven, så kan den vere berettiga til trygdeytingar.

Dei aktuelle skadeårsakene med skadeverknader, -tilstandar og liknande, er: Forgiftingar, kjemisk påverknad Allergi, idiosynkrasi (hud- eller lungesjukdommar). Stråleenergi (varme, lys, røntgen, radioaktivitet). Larm, støy (frå maskinar eller verktøy; nedsett høyrsel). Støv, finfordelte stoff (lungesjukdommar).  Vibrasjon (t.d. frå pressluftverktøy; sjukdommar i armane, artrose m.m.).  Endringer i barometertrykk (dekrompresjonssjukdom, mellom anna hos dykkarar og flygarar). Smitte (m.a. i laboratorium, sjukehus, ved transport av sjuke og i landbruket som følgje av kontakt med dyr). Vaksinasjon (når vaksinasjon er utført etter offentleg påbod, oppfordring frå arbeidsgjevar eller liknande).  Epidemisk sjukdom (smittsame sjukdommar i fordøyelsesorgan; infeksjon som skuldast virus, bakteriar og protozoar; hos helsepersonell m.m. som smittast som følgje av sitt yrke).  Klimatisk sjukdom (som følgje av låg temperatur under arbeid i ishavsstrøk, og som følgje av sterk varme og sol i tropiske eller subtropiske strøk).

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Yrkessykdom» frå , den 28. august 2010.

Bakgrunnsstoff nav.no: Yrkesskade lovdata.no: Forskrifter om yrkessykdommer og infeksjonssykdommer som likestilles med yrkesskade

Kategori:Arbeidsliv