Benny Anette Motzfeldt () var ein norsk kunsthandverkar (teikning, glas, måling). Ho er mest kjend for sine bidrag til glaskunsten med nye materiale og teknikkar.

Motzfeldt var fødd i Åsen. Ho var utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1931-35) og debuterte på Haustutstillinga i 1936 med teikningar og akvarellar. Lenge var ho i hovudsak aktiv teiknar, og vart engasjert som teiknar til glaskunst ved Christiania Glasmagasin (1955) og Hadeland Glassverk (1955-67). Seinare var ho kunstnarisk leiar ved Randsfjord Glassverk (1967-70), men flytta til Glasshytta ved PLUS i Fredrikstad som ho leidde i perioden 1970-79.http://www.glasshytta-gamlebyen.no/text1_3.html Ho hadde sitt glas-gjennombrot med utstillinga saman med Synnøve Anker Aurdal på Röhska Museet i Göteborg (1970). Ei vandreutstilling gjekk i USA og Europa over fleire år (1976-82).

Store delar av samlinga hennar vart gitt det Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og sett i permanent utstilling Tre kvinner - tre kunstnere (med Hannah Ryggen og Synnøve Anker Aurdal).omtale og bilete frå det Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum Benny Motzfeldt døydde i Oslo.

Prisar Souvenirprisen (1964) for serien Isfugler Jacobprisen (1969) for sitt Blekkhus. Oslo bys kunstnerpris (1979) St. Olavs Orden, ridder av 1. klasse (1985) Prins Eugen-medaljen (Sverige, 1985) Anders Jahres kulturpris (1992). Pris på 450 000 kroner delt med Halldis Moren Vesaas.

Signaturar BM årstal PLUS-BM

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Benny Motzfeldt» frå , den 12. mai 2013.

Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Kunstnarar frå Oslo