alt=Løveflaske produsert av Aasnes Glasværk. I museets eie.|mini|Løveflaske produsert av Aasnes Glasværk. Åsnes glassverk eller Aasnæs glasværk vart grunnlagd av J. C. Vogelsang og W. Schilliås i 1813 på Sjøåsen i det som var Beitstad kommune og i dag Namdalseid kommune. Glasverket var i drift i 70 år, fram til 1883. Da Aasnæs glasværk hadde stordomstida si arbeidde det mange glasblåsarar der. Desse kom mellom anna frå glasverk på Austlandet, i Sverige og Tyskland. Det låg ikkje langt frå Holmen Glassverk.
Hovudhuset på glasverket vart bygd i 1840 og står framleis der.
Anlegg og produksjon Da Aasnæs starta produksjon av glas var det med tradisjonelle metodar – med fleire små bygningar og ei stor smeltehytte på heile 47 meter. Smelthytta hadde eit tverrsnitt som ein trekant og på innsida var det fleire smeltomnar.
I dei fyrste åra etter at produksjonen starta opp var det vindusproduksjon som var betydeleg. Sortimentet vart med kvart utvida og prislista frå 1830-talet inneheld 84 forskjellig produkt. Produksjonen omfatta mellom anna vindusglas, flaskar og kavl, glaskular av grønt glas som vart nytta i fiskegarn. Ein stor del av produkta var merka AASNÆShttp://www.bestnorwegian.com/aasnaes_marking.html.
Glasverket hadde fleire salsstadar, mellom anna i Trondheim og Bergen og produkta vart frakta sjøvegen med båt. Glassverket selde óg det meste av glasskavl som vart nytta på kysten av Trøndelag og Nord-Norge på 1840-talet.
I stordomstida på midten av 1800-talet var det over 50 arbeidarar på glassverket. Folk i bygda vart óg indirekte sysselsette i form av vedsanking til dei store smelteomnane på verket. Seinare vart det nytta torv til fyring.
Aasnes har husa fleire føretak På 2000-talet var det óg eit føretak med namnet Aasnæs værk lokalisert på området. Hovudhuset blei nytta til gjestebod og arrangement av ulike slag. Det vert produsert smykke, lampar og pyntegjenstandar i form av fusing, ein samansmeltingsteknik for hele glasplatar.
Aasnes Gaard i dag Investor Kristoffer Stensrud og selskapet Namdalen Træsliberi AS kjøpte Aasnes Glasværk i 2018, med mål om eit historisk hotell med høg kvalitet. Diverre vart dei fyrste konsesjonssøknadane avslått . I 2021 fekk Namdalen Træsliberi konsesjon, men Kristoffer Stensrud døydde dagen etterpå. Sonen, Nikolai Stensrud, overtok garden og arbeide med å realisere farens draum om eit hotell i verdsklasse
Aasnes Gaard gjennomgår i dag eit omfattande restaureringsarbeid og skriv på nettsida si at det ærverdige herskapshuset frå 1840 skal skal få sjela tilbake og bli ein gjestegard i verdsklasse – med sju rom og høg standard. Restaureringsarbeida gjennomførast av handverkarar med spesialisering i bygningsvern.
Kjelder
Litteratur Hanssen, Inger Marie. 2010. Glasblåsere og andre folk på Aasnæs Glasværk, inn- og utflyttinger i Gamle Beitstaden. Nord-Trøndelags historielags årbøker Aasnæs Glasværk. Sjå Holien 1986:33. Sjå By 1946:51 Vogelsang, J.C.. Sjå Holien 1985:95 Idsø, Øystein Lydik Viken. 2023. Namdalens historie - Band 3,Verdsvand utkant.
Bakgrunnsstoff Aasnæs glassverk i dag Kvinnene på Sjøåsen Glassblåsarar på Åsnæsset Ancestors til Johannes Severin Simonsen Kavl
Kategori:Historie i Namsos Kategori:Norske glasverk Kategori:Skipingar i 1813 Kategori:Nedleggingar i 1883 Kategori:1813 i Noreg Kategori:1883 i Noreg Kategori:Namdalseid