Abraham Vilhelm Heffermehl () var ein norsk sokneprest og politikar. Han var stortingsrepresentant for Høgre og ordførar i Gloppen. Jørgen Heffermehl var faren hans.
Heffermehl vart fødd i Sørfold i Nordland, der faren var sokneprest. Familien flytta til Gloppen i Nordfjord i midt på 1840-talet. Sjøllv vart han student 1853 og cand. theol. 1858. År 1861 vart han personalkapellan hos far sin i Gloppen, i 1867 residerande kapellan på Breim i Gloppen. Frå 1871 var han sokneprest i Hisøy i Aust-Agder, til han 1893-1908 var sokneprest i Ringsaker. Prost i Hedemarken 1897-1903.
1866 tok Heffermehl over som ordførar i Gloppen etter far sin, eit ombod han hadde fram til 1869. Også med han var prest i Hisøy var han ei tid ordførar.
Heffermehl var 2. representant for Nedenes amt på Stortinget 1889-94. Han var 1889-91 medlem av protokollkomiteen, 1892-94 formann i same. På tinget representerte han Høgre.
Heffermehl forfatta artiklar og bøker om norsk kyrkjehistorie. Han levde ugift og døydde i Kristiania i 1909.
Verk Geistlige Møder i Norge - et Bidrag til den norske Kirkes Historie efter Reformationen til 1814, 1890 Folkeundervisningen i Norge indtil omkring Aar 1700, 1913
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff NRK: «Ordførarar i Gloppen kommune»
Kategori:Norske prestar Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Gloppen Kategori:Folk frå Sørfold