Jacob Otto Lange () var ein norsk forstmann og politikar for partiet Venstre, statsråd i den fyrste Steen-regjeringa.

Lange var fødd i Stavanger, der far hans var prest, men for størstedelen oppvaksen i Asker. Sjølv studerte han forstvesen i Tyskland og var 1858-59 forstassistent på Hedemarken. Frå 1860 var han overførster ved Kongsberg sølvverk og frå 1876 styrar av skogskulen på same staden.

På Kongsberg var han medlem av bystyret, ordførar 1875-76. Han var forlikskommissær 1876-91 og hadde elles mange kommunale verv.

Lange var i periodane 1877-79, 1883-91 stortingsrepresentant frå Kongsberg. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av vegkomiteen. Sidan var han 1883-87 sekretær i næringskomite nr 1, 1888 formann i same. Han var medlem av Lagtinget frå 1883, visepresident 1884 og president 1888-91. Elles medlem av valkomiteen 1883-91 og landbrukskomiteen 1889-91. 1883-84 var Lange president i riksretten mot medlemene av Selmer-ministeriet.

Lange var medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm i Johannes Steen si fyrste regjering frå mars 1891 til juni 1892, då han vart sjef for revisjonsdepartementet fram til regjeringa gjekk av den 1. mai 1893.

Han vart i 1892 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Carl Friedrich Bøbert var svigerfar hans.

Lange døydde i Kristiania i 1902.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske statsrådar 1884-1905 Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Norske revisjonsministrar Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Kongsberg Kategori:St. Olavs Orden